Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 08-01-2025

 

Avdelingsleiar 100% fast stilling

Vi lyser ut ei spanande leiarstilling med utviklingsmoglegheiter. Har du gode leiareigenskapar? Er du ein motivator og har evne til å sjå folk rundt deg?
Då kan dette vere stillinga for deg!

Avdeling Barne- og avlastningtenestene ligg under Bu- og Rehabiliteringstenestene. Eininga har fire avdelingar, i tillegg til barne- og avlastningstenestene er det to avdelingar som yt tenester og har butilbod til vaksne, og avdeling for psykisk helse- og rus. Barne- og avlastningstenestene yt tenester til born og unge med ulike funksjonsvariasjonar. Formålet er å gje borna god omsorg, opplæring og tilrettelegging i dagleglivets gjeremål.
Vi har fokus på kompetanse og har det einskilde barnet i fokus. Det vert lagt vekt på brukarmedverknad og godt samarbeid med foresatte ut frå den enkelte sitt behov.

Dette er ei teneste i utvikling og du får vere med på å utvikle det framtidige tenestetilbodet. Frå juni neste år står ny barne – og avlastningsbustad klar, og vi flyttar inn i totalrenoverte lokaler! Ein stor del av tenestene vert lokalisert der. I tillegg til barne- og avlastningsbustader vil du ha ansvar for støttekontakt,avlastning avlastningstilbod før- og etter skuletid for born/unge i ungdomskulealder og oppover.

Arbeidsoppgåver

  • Du har delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga
  • Samhandling med andre verksemder innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne
  • Samarbeidspartnarar er eit viktig ansvarsområde.
  • Opparbeide og vidareutvikle eit godt samarbeidsmiljø med tilsette, brukarar og pårørande
  • Opparbeide og vidareutvikle faget, med eit stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling har fokus
  • Utvikle ein lærande organisasjon med fokus på forbetringsarbeid
  • Du er aktiv i kvalitetsarbeid, internkontroll og utvikling av tenestene
  • Du er med på å sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer
  • Turnusarbeid og turnusplanlegging
  • Du inngår i leiargruppa med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar 
  • Du har rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar. Andre med relevant helse og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning kan òg søkje.
  • Ynskjeleg relevant vidareutdanning innan leiing eller anna relevant vidareutdanning
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring /forståing for avtaleverket derav forståing/erfaring frå trepartsamarbeid med verneombod og tillitsvalde.
  • Du har god økonomiforståing og god forståing for leiarrollen
  • Du har god kjennskap til lovverket vi yt tenester etter
  • God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer ein avdelingsleiar som har tydelege leiareigenskapar, er sjølvstendig og målretta
  • Du bidreg til god dialog med avdelinga sine tilsette, brukarar og deira pårørande
  • Du er resultat og utviklingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne
  • Du er strukturert, lojal og fleksibel
  • Du har evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
  • Du ser verdien av innvolvering og gode prosessar
  • Førarkort klasse B

Personleg eignaheit vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Løn etter kommunale betingelser
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4898194638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e5090053-0adf-445a-9897-bbcbc5c2e278
IMPORTAPI