Avdelingsleiar – 100%  – Alver kommune

Construction Arbeidsleder, bygg og anlegg

(2 days ago)

  • ISDALSTØ
  •  Post Date: 6. January 2025
  •  Expire date: 21. January 2025
Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Avdelingsleiar – 100% 

Om stillinga

Ved avdeling bygg og anlegg søkjer me etter ein ny avdelingsleiar då noverande leiar går av med pensjon. 

Stillings som avdelingsleiar er spennande og eit viktig ansvar for å bevare den kommunale byggningsmassen og anlegga våre. Avdelinga bygg og anlegg består i dag av 45 ansatte innan vedlikehaldspersonell, byggdriftarar, rørleggarar og elektropersonell.

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelinga. Kvardagen kan vera hektisk der din evne til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar.

Avdelinga høyrer inn under tenesteområdet drift og vedlikehald som består av tre avdelingar i dag, reinhald, bygg og anlegg, veg vatn og avlaup. 
Tenesteområdet høyrer inn under sektor samfunnsutvikling, som i tillegg til drift og vedlikehald omfattar eigedomsforvaltning, arealforvaltning, kultur, Norhordaland brann og redning,  plan og analyse. 

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg
  • Heilskapleg fagleg og administrativ leiing, med personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga, i ein  strategisk-operativ kontekst
  • Langsiktig og målretta planlegging, bidra til å etablere, utvikle og sørgje for god drift av avdelinga
  • Utarbeide kvalitets-, og kontrollsystem som er styrande for aktiviteten i avdelinga. Budsjettarbeid, planarbeid og organisasjonsutvikling
  • Det vil vere særleg fokus på samhandling og samarbeid med tenesteområde eigendomsforvaltning og andre sektorar som benyttar tjenestene
  • Avdelingsleiar inngår i leiargruppa i sektoren for Samfunnsutvikling . Rapportering skjer til tenesteleiar og øvrig leiing, og politisk ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på høgare nivå, meisterbrev er ein fordel for stillinga
  • Dokumentert erfaring med, og interesse for, personalleiing, økonomiforståing og erfaring innan budsjettering, økonomistyring og rapportering
  • Relevant yrkeserfaring frå bygningsdrift, som entreprenør eller leiar med oppfølging på byggjeplass, parkanlegg eller liknande
  • Erfaring frå forhandlingar, kontraktsinngåingar og offentlege innkjøp
  • God digital kompetanse
  • Evne til å tenkja kritisk og strategisk for å oppnå målet til organisasjonen med god rolleforståing og sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, løysingsorientert og fleksibel samt evne til å gjera andre gode og til å skapa eit godt arbeidsmiljø
  • God gjennomføringsevne, nøyaktig og kvalitetsbevist og strukturert, ansvarleg, sjølvstendig og initiativrik, med interesse for både administrativt og praktisk arbeid
  • God formidlings- og formuleringsevne både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Høve til å være med å påverke og utforme drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg
  • Støtte og fellesskap i leiarteamet
  • God pensjonsordning gjennom KLP, yrkesskade – og gruppelivsforsikring
  • Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
  • Årleg kompensasjon på 7 ekstra fridagar for arbeid ut over ordinær arbeidstid, jf. rutine i Alver kommune

Personlege eigenskapar

Personlige egenskaper

  • Evne til å tenke kritisk og strategisk for å oppnå organisasjonens mål
  • God rolleforståelse og sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode mellommenneskelige egenskaper, løsningsorientert og fleksibel
  • Evne til å gjere andre gode og til å skape et godt arbeidsmiljø
  • Du er omgjengeleg, kreativ, involverande, raus, romsleg og løysingsorientert.
  • God gjennomføringsevne, nøyaktig og kvalitetsbevisst
  • Strukturert, ansvarlig, selvstendig og initiativrik, med interesse for både administrativt og praktisk arbeid
  • God formidlings- og formuleringsevne både muntlig og skriftlig
  • Interesse for teknologi og kontinuerlig forbedring av arbeidsmetodikker og arbeidsprosesser.
  • Ein leiar med blikket på dei overordna måla, men samstundes auge for og evne til å gripe moglegheiter innan innovasjonstenkning og effektiviseringsløsningar.

Tida framover: Alver i endring og omstilling 

Alver kommune står i ein omstillingsprosess der me saman skal byggje Alver-laget for framtida. Bygg og anlegg avdelinga er i ei spanande utvikling, der vi skal gjennomføre organisatoriske og strukturelle grep for å sikre ei ressurseffektiv drift som på same tid yt gode og framtidsretta tenester. 

Du vil som leiar, saman med dei andre avdelingsleiarane i tenesteområdet drift og vedlikehald  og tenesteleiar, være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i tenesteområdet er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester i framtida.

Vi er Alver

Bli kjent med oss!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 923547037
Kort om arbeidsgiver

Ved avdeling bygg og anlegg søkjer me etter ein ny avdelingsleiar då noverande leiar går av med pensjon. 

Stillings som avdelingsleiar er spennande og eit viktig ansvar for å bevare den kommunale byggningsmassen og anlegga våre. Avdelinga bygg og anlegg består i dag av 45 ansatte innan vedlikehaldspersonell, byggdriftarar, rørleggarar og elektropersonell.

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Du vil ha ei operativ rolle med ansvar for daglig drift av avdelinga. Kvardagen kan vera hektisk der din evne til å prioritera oppgåver og planlegga eigen arbeidsdag er avgjerande. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, og vil dermed være med å forme rolla som leiar.

Avdelinga høyrer inn under tenesteområdet drift og vedlikehald som består av tre avdelingar i dag, reinhald, bygg og anlegg, veg vatn og avlaup. 
Tenesteområdet høyrer inn under sektor samfunnsutvikling, som i tillegg til drift og vedlikehald omfattar eigedomsforvaltning, arealforvaltning, kultur, Norhordaland brann og redning,  plan og analyse. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted ISDALSTØ (Adresse: Stølen 7 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f80e98d9-c8c1-4c31-8ffe-81ac0078c742
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271645