Avdelingsleder – NAV Hjelpemiddelsentral Vestland avd. Tolk – HMS Hordaland Tolk, NAV
Sales, retail and retail trade Tolk og oversettere(2 weeks ago)
Job Description
Published 06-10-2024
Deadline: 29-10-2024
Avdelingsleder – NAV Hjelpemiddelsentral Vestland avd. Tolk
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen har ei ledig 100 % stilling som avdelingsleiar (stillingskode 1407) ved avdeling Tolk.
Hjelpemiddelsentralen er eit ressurs- og kompetansesenter, og avd. Tolk har ansvar for tolking for høyrselshemma, døve og døvblinde i Vestland fylke.
Vi søkjer ein tydeleg, ærleg og framtidsretta avdelingsleiar i Bergen. Leiaren rapporterer til seksjonssjefen for avdelinga. Avdelingsleiaren og seksjonssjefen deler personalansvaret for tilsettgruppa, og begge sit i avdelingsdirektøren si leiargruppe
Arbeidsoppgaver
Som avdelingsleiar skal du
– leie og utvikle avdelinga
– ha personalansvar
– utvikle fagkompetansen i avdelinga i tråd med nasjonale føringar
– jobbe med overordna problemstillingar på avdelinga
– vere ein pådrivar for utviklingsarbeid
– koordinere intern og ekstern samhandling
– følgje opp sentralt strategiarbeid
Kvalifikasjoner
Du må ha
– høgare utdanning innan organisasjon og leiing, eller liknande utdanning
– dokumentert leiarerfaring med personalansvar
– interesse for å jobbe med ulike digitale flatar og kommunikasjonskanalar
– god kommunikasjonskompetanse
Vi ynskjer at du har
– tolkefagleg utdanning og/eller annan relevant tolkefagleg kompetanse
– leiarerfaring frå offentleg verksemd
– erfaring med å skape gode resultat og entusiasme i avdeling/organisasjon
– erfaring frå gjennomføring av endrings- og utviklingsprosessar
Personlige egenskaper
Du må
– identifisere deg med NAV sin visjon og verdiar
– meistre stort arbeidspress, vere strukturert og resultatfokusert
– evne å skape eit stort engasjement
– evne å hente det beste frå dine tilsette
– kunne jobbe kunnskapsbasert
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi forventar at du har evne til tydeleg leiing og til å skape gode relasjonar både internt og eksternt.
Vi tilbyr
– spennande, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
– eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø
– fleksibel arbeidstid
– medarbeidarar med høg kompetanse
– lønn kr. 692 400 – 732 300, høgare lønn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar
– god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Silje-Iren Olsen
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4869838349
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2024
DIVERSE INFO