Autorisert helsesekretær – Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Health and social care Medical Secretary(4 days ago)
Job Description
Published 29-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Autorisert helsesekretær
Vi har ledig ein fast 100% stilling og ein fast 50% stilling som autorisert helsesekretær i turnus. Vi søker etter kandidatar som har kompetanse frå sjukehus. Beinmergssutstryk inngår i denne stillinga. Stillingane er ledig frå snarast.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har ca. 4400 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling, opplæring, utdanning og forsking er prioritert oppgåver ved klinikken. Barne- og ungdomsklinikken har drift/aktivitet i fleire ulike bygg og fleksibilitet er ein viktig føresetnad for å kunna trivast hjå oss. I Oktober 2023 flytta vi inn i nye flotte lokale i Glassblokkene.
Eining for kontor er organisert som ein eigen eining med 16 årsverk og spennande merkantile oppgåver. Sekretærane er gjennom dagleg arbeid i kontakt med pasientar og pårøyrande. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med sjuke- og barnepleiarar, legar og leiarar.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon i Glassblokkene
- Barne og ungdomsmottaket
- Beinmergsutstryk og sending av materiale
- Besvare førespurnader på telefon og i resepsjon med profesjonalitet
- Planlegge og koordinere inntak av pasientar på ein effektiv og pasientvennleg måte
- Økonomisk oppgjer
- Bidra i arbeidet med å jobbe systematisk med pasientforløp, ventelister og arbeidsprosessar
- Bidra til at klinikken når sine mål for kvalitet
- Andre administrative oppgåver
- Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredstillande politiattest jf. Lov om helsepersonell § 20a
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Helsesekretær
- Må ha gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå sjukehus
- Fordel med kjennskap frå Meona, DIPS Arena, Imatis, Pasientreiser og Tolkenett
- Det er ønskeleg med relevant erfaring innan koordinering, eller annan rolle kor samarbeid på tvers av avdelingar eller organisasjonar har vore ei del av arbeidet
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Arbeider strukturert og målretta med evne til å prioritere
- Du er nysgjerrig og endringsvillig
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du må vere punktleg, nøyaktig og strukturert
- Du må vere positiv og inkluderande, og bidra til det gode arbeidsmiljøet
- Trivast med mange og varierte oppgåver i ein hektisk kvardag
- Du held deg roleg i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Du er problemløysande og nytenkande
- Du tar ansvar der det trengs og er i høg grad fleksibel
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
- Triveleg arbeidsplass med engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Iversen, Einingsleiar, 40833399
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4893667493
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 19.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |