Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Assistent

Vi har ledig 4 faste helgestillingar, pt. 2-delt turnus og 3 kvar helg for sjukepleiar-, helsefag-, medisinarstudent og helsefagarbeidar ved kirurgisk klinikk, Post 3. Oppstart frå snarast eller etter nærare avtale. Dersom ein ønsker turnus på natt kan dette og vere aktuelt, oppgi i så fall dette i søknaden. 

Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro – og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Post 3 har 20 senger, og behandlar både elektive og akutte pasientar. Det er ein spennande og lærerik post med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk. 

Kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og observasjonar av nyopererte og akutt/kritisk sjuke pasientar
  • Mobilisering
  • Matservering og skylleromsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant sjukehuserfaring eller erfaring frå sjukeheim e.l
  • Sjukepleiar og Helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert, gir heilskapleg pleie og kan prioritere når situasjonen krev det
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukepleiefagleg rettleiing
     

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marius Andreassen, Ass. avd. sjukepleiar, 55973508

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4876011290
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 04.11.2024
Søknadsfrist: 06.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk klinikk/ Avdeling for Gastrokirurgi/ Post 3 Gastrokirurgi, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 04-11-2024
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/49bbdb6c-9399-41ef-a382-733018e0d972
IMPORTAPI