Assistent/fagarbeidar på Vikemarka skule – Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 days ago)
Job Description
Published 15-12-2024
Deadline: 02-01-2025
Assistent/fagarbeidar på Vikemarka skule
I Ørsta kommune er det ledig eit 100 % vikariat som assistent eller barne- og ungdomsarbeidar for resten av skuleåret 2024/2025. Stillinga er plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering, med Vikemarka skule som tenestestad.
Stillinga inneber arbeid i skule og SFO, også i skuleferiane, med unntak av juli månad.
Vikemarka skule er ein 1-4 skule med SFO. Det er omlag 130 elevar på skulen og ca 28. tilsette samla i skule og SFO.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule
- Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO
- Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiiing av pedagog
- Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer assistenar (ingen formelle krav til utdanning) eller barne- og ungdomsarbeidar (fagarbeidar)
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse
- Eit positivt barne-/elevsyn som vektlegg inkludering av born med særskilte behov
- God på samarbeid med born, føresette og andre tilsette
- Tek i mot rettleiiing og er lojal mot våre rutine
- Kunne bidra til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Gode pensjons– og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga er plassert i kap. 4 gr.1.1 – Assistent eller i kap. 4 gr. 1.2 – Fagarbeidar
Stillingskode 6572 – Assistent, eller 7517 – Fagarbeidar
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Berit Brunvold, Rektor, 41 32 74 27, berit.brunvold@orsta.kommune.no
Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 479 03192, kari.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Olavsgata 57
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4896443798
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 21.06.2025
Søknadsfrist: 02.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ØRSTA (Adresse: Olavsgata 57 Postnr: 6153) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 06-01-2025 |
Søknadsfrist | 02-01-2025 |