Job Description

Published 06-10-2024
Deadline: 17-10-2024

 

Assistent/ Barne- og ungdomsarbeidar

Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Tre av barnehagane ligg nær Haukeland universitetssjukehus og Vinterdalen barnehage ligg ved Sandviken sjukehus. Vårt satsingsområde er Livsmeistring og helse, der vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk helse. Vi er anerkjennande vaksne som legg stor vekt gode relasjonar og ein god barnehagekvardag. 
 
Vi har ledig følgande stilling: 100% vikariat ved Ravnebjerget barnehage frå 01.12.2024 – 31.07.2025 med moglegheit for forlenging . Vi søker ein stabil fagleg og trygg assistent/barne- og ungdomsarbeidar, som er motivert for nye utfordringar. 
 
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.   
 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen 
  • Gi omsorg og ta aktivt del i leik og omsorg med barna 
  • Medansvar for å skape eit godt psykososialt miljø for barna 
  • Medansvar for eit godt samarbeidsklima 
  • Bidra i praktiske arbeidsoppgåver 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid i barnehage vil vere ein fordel 
  • Gode evner til kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein medarbeidar som:  

  • viser interesse og engasjement i arbeid med barn  
  • viser respekt for barn og har evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov  
  • er leiken, nysgjerrig og utforskande i lag med barna  
  • evner å ta ansvar og har oversikt over heile barnegruppa  
  • har stor arbeidskapasitet og evne og vilje til samarbeid  
  • er påliteleg, imøtekommande og løysingsorienter 
  • er stabil, fleksibel og omsorgsfull 
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • Ein variert, spennande og engasjerende arbeidsdag 
  • Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar  
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling 
  • Stabile barnegrupper  
  • Lønn iht. gjeldande overeinskomst  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

     

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Steimler Åsheim, Leiar, 55974944

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 42
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4867844223
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 17.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ravnebjerget barnehage, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 42 Postnr: 5009)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 17-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7452e550-269c-48c1-a5f8-6f6f33017de9
IMPORTAPI