Arealplanlegger – Klepp kommune, Plan og Forvaltning

Construction Arealplanlegging og arkitektur

(21 hours ago)

  • KLEPP STASJON
  •  Post Date: 19. September 2024
  •  Expire date: 14. October 2024
Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 14-10-2024

 

Arealplanlegger

Det skjer mye spennande i Klepp, og våre dyktige arealplanleggjarar treng ein ny kollega i teamet. Me behandlar private planforslag, utarbeider kommunale reguleringsplanar, og bidreg i kommunens overordna planarbeid.

Me søkjer etter deg som brenn for ein god stads- og samfunnsutvikling til det beste for innbyggjarar, miljø, klima og næringsliv. Du har kompetanse og engasjement for å leggja til rette for ein god samfunnsutvikling gjennom gode arealplanar og smidige planprosessar.

Fagområde arealplan er ein del av verksemdsområde plan og forvaltning som og har fagområda byggesak, geodata og landbruk.

Me held til rett ved Øksnevadporten stasjon, 24 minuttars togtur frå Stavanger. Om to år vil me flytta inn i nyrenovert rådhus i Kleppe sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil vere saksbehandlar for ulike  typar private reguleringsplanar
  • Du vil delta i utarbeiding av kommunale arealplanar
  • Du vil bidra i kommunens overordna planarbeid
  • Du skal bidra til at arealplanlegginga har ein høg fagleg standard
  • Du skal bidra med å vidareutvikla gode og effektive planprosessar
  • Du skal bidra til gode medvirkningsprosessar og eit godt samarbeid internt i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning
  • Det er ein fordel at du har relevant erfaring, men nyutdanna vil og bli vurderte
  • Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Du har gode datakunnskapar

Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggjarar, konsulentar, naboar med meir. Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
  • Ein sjølvstendig stilling, der du i stor grad kan påverke eigen arbeidskvardag
  • Konkurransedyktig lønn. Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Løn i samsvar med lokal lønnspolitikk.

Kontaktinformasjon

Trygve Valen, Plan og forvaltningssjef, +47 97978717

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4861847829
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kommune, Plan og Forvaltning orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

 

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Bedriftsvegen 4 Postnr: 4353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c6a61a58-8b48-4f7d-a373-e9d1ec3f1d88
IMPORTAPI