Arbeidsleiar utrustning/stål – Myklebust Verft As

(4 days ago)

  • GURSKEN
  •  Post Date: 26. March 2025
  •  Expire date: 15. April 2025
Job Description

Published 26-03-2025
Deadline: 15-04-2025

Arbeidsleiar utrustning/stål

Myklebust Verft er inne i ei spanande periode med mykje arbeid. Vi er eit kombinasjonsverft med oppdrag innan nybygg, større ombyggingar og ulike ettermarknadsoppdrag, og har ca 135 faste tilsette.

Hva vi ser etter

Vi er detter deg som har relevant utdanning og høg fagleg standard. Det er ein fordel med erfaring som arbeidsleiar, og du må ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Det er viktig å ha fokus på kvalitet i ein hektisk kvardag, og ha evna til å tenke alternativt og vere løysingsorientert. Elles ser vi etter ein positiv arbeidsleiar med gode samarbeidsevner.

Arbeidsoppgaver

Som arbeidsleiar på utrustning er du ansvarleg for at prosjekta og produksjonen vert gjennomført på ein mest mogleg effektiv måte. Stillinga inneber produksjonsansvar, samt oppfylging av leverandørar. Du vil arbeide i nært samarbeid med dei andre fagavdelingane ved verftet. Arbeidsleiar deltek i prosjektgruppa på det enkelte prosjekt han har ansvar i.

Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken i 100% stilling

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:

Avdelingsleiar utrustning Nikolai Sandanger, tlf 975 24 948

HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker, tlf. 988 03 925

Vi tilbyr

Myklebust tilbyr:

  • Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Fleksitidsordning

  • Velferdsgoder

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Myklebust Verft As orgnr: 971739649
Kort om arbeidsgiver

På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år.

Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.

Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida.

Webside https://www.myklebustverft.no/
Bransje Industri og produksjon
Yrke Fysikk, kjemi og metallurgi
Sted GURSKEN (Adresse: Gurskevegen 68 Postnr: 6082)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3ca88035-fc1a-46c5-8ee4-2a06e1ccd548
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31