Job Description
Published 07-01-2025
Deadline: 02-02-2025
Arbeidsleiar i fengsel
Straff som endrar
Vil søkjer engasjerte og venlege personar til å arbeide i verksdrifta i til ulike avdelingar, arbeidsområde og oppgåver.
Dette er ein god moglegheit til å få verdifull erfaring innan ei rekke forskjellige arbeidsoppgåver og bidra positivt til det daglege livet i fengselet.
. Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts
Vi treng din kompetanse til
Arbeidsområder :
- kokk, arbeid i felleskjøkenet, førebuing av måltid og vedlikehald av kjøkknområdet
- reinhaldsoppgåver, halde fengselsområder reine og ryddige
- butikkarbeid, handtering av innkjøp og sal
- planting og vedlikehald av uteområder
- snekkar og tømrararbeid
- trening og aktivisering av innsette
Oppgåver i alle arbeidsområder:
- planleggje og utføre arbeidsoppgåver saman med innsette
- leie opplæring, sysselsettinga og oppfølging av innsette
- miljøarbeid, rettleiing og støtte til innsette, med fokus på rehabilitering og positiv åtferdsutvikling
- delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant fagbrev og erfaring
- relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring fra arbeid med mennesker
Kva ser vi etter hjå deg?
Du har evne til å ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige arbeidsområde. Du har evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing. Du er oppteken av å forstå og møte innsettes behov, trivast med å byggje gode relasjonar og sjå potensiale i kvar enkelt individ. Du evnar å motivere og følgje opp mennesker samstundes som du har fokus på sikkerheitsarbeid, har pågangsmot og ei positiv innstilling sjølv om du kan ha det travelt. Du likar å jobbe målretta og levere resultat av god kvalitet etter gjeldande lovverk og retningslinjer.
Det er viktig at du har haldningar og ein kommunikasjonsstil som er tilpassa bodskapen til kriminalomsorgen.
Du må delta på opplæring fra mandag til onsdag i veke 12 og 13 og du bør kunne jobbe i perioden veke 26 – 33
Vi tilbyr
I tillegg til treningsmogelegheitar, eige treningsrom, bedriftsidrettslag, gratis parkering og kantine, tilbyr vi meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan vere med å gjere ein forskjell.
Stillinga vert løna i stillingskode 0275 verksbetjent 443 000 – 557 100 avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Stillinga har dagtid kl. 07.30 – 15.00, uniformsplikt og krev uttømmande politiattest utan merknad
Før du søkjar
Vi er opptekene av at du skal trivast hjå oss og kjenne at du har tatt eit riktig val dersom du vel Bergen fengsel. Difor tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Dette betyr at du kan få mogelegheita til å stille spørsmål til nokon av våre medarbeidara. Dette kan vere ein måte å bli kjend med Bergen fengsel.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til driftsjef Hanne Frosta T: 55393710 M: 47971465
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bergen fengsel orgnr: 974727730 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. kvinner og menn kan sone i Bergen fengsel. Bergen fengsel har fokus på individuell tilnærming og tverrfagleg samspel. |
Webside | |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arbeidsleder, bygg og anlegg |
Sted | HYLKJE (Adresse: Steinestøvegen 401 Postnr: 5109) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 7 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-02-2025 |