Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Apotektekniker

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF.
Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.

På sjukehusapoteket i Haugesund er vi ein fin miks av apotekteknikarar, farmasøytar og nokre sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 40 kjekke og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar. 

I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Fonna får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.  

I tillegg har vi eit spennande arbeid med å få på plass eit pakkeanlegg for eindosar. Her pakkar vi enkle legemiddel i kvar sin pose. Desse sender vi ut til alle sjukehus på Vestlandet, slik at det blir enklare og tryggare både for dei som gir og får legemidla.  

Frå før av er det rundt 20 apotekteknikarar her,  og no ser vi altså etter deg som vil styrke gjengen vår ytterlegare. Som apotekteknikar bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte. Dei fire avdelingane samarbeidar tett, og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei.  

 
Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på seg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko. 

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:

  • produsere cytostatika og andre tilsetningsprodukt 
  • reinhald av produksjonsrom og utstyr
  • kundehandsaming sjukehusekspedisjon
  • resept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
  • rådgjeving og sal av medisinar til pasientar og kundar
  • produsere eindosar i det nye pakkeanlegget 
  • andre oppgåver vil også tilfalle stilling

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som apotekteknikar
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å bidra til gode tenester for sjukehusa
  • Du trivs godt i lag med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet
  • Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
  • Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga 

Vi tilbyr

  • stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø
  • fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppgåver og kompetansebygging 
  • eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor 
  • naudsynt opplæring
  • løn i samsvar med gjeldande avtalar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

 

Kontaktinformasjon

Maria Birgitte Rossebø Areklett, Sykehusapoteker, 93401870

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest

Referansenr.: 4875753840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sjukehusapoteket i Haugesund, Sjukehusapoteka Vest orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d069cad6-78de-4c57-8cd1-e4bfc251e22b
IMPORTAPI