Job Description

Published 13-09-2024
Deadline: 27-09-2024

 

Ambulerande reinhaldar – 100 % fast stilling – Vinje

Vinje reinhald og tekstil yter reinhaldstenester til alle kommunale bygg i områda Edland, Rauland, Øyfjell, Vinjar og Åmot. Reinhald er delt i fire soner med kvar sin leiande reinhaldar. Me ynskjer ein person som kan arbeide ved fråver i desse sonene. Arbeidsstadene vil variere innad i kommunen.

Hva vi ser etter

  • Gode haldningar og evne til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar

  • Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team

  • Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov

  • Vera merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene

  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)

  • Dagleg reinhald av store flater og inventar

  • Smittereinhald ved behov

  • Periodisk reinhald og hovudreingjering

  • Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar

  • Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg

  • Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m

  • Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse

  • Setje deg inn i og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer

  • Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen — ergonomisk og psykososialt

  • Løn etter KS tariff og lokal lønstabell

  • Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene

  • Gode barnehagetilbod

  • Vakker natur og mange fritidstilbud

  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.

  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vinje Kommune Reinhald Og Tekstil orgnr: 884921112
Kort om arbeidsgiver

Vinje kommune har etter 2 kvartal 3855 innbyggerar. Kommunesenteret ligg i Åmot, midt mellom Bergen og Oslo langs E134. Kommune er omkransa av vakker natur i fjell og skogområde og har mange aktive lag og foreningar. Du kan lese meir om kommunen vår på heimesidene til Vinje kommune.

Webside https://www.vinje.kommune.no
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted VINJE (Adresse: Vinjevegen 192 Postnr: 3890)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 27-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/271e044b-ff79-4cc5-a019-9b7d274a5b9a
Stillingsregistrering