Ambulansearbeidar/Paramedisiner – Amb.stasjon Ulstein/Herøy, Helse Møre og Romsdal HF
Security and readiness Brann-, utryknings- og redningspersonell(20 hours ago)
Job Description
Published 29-10-2024
Deadline: 13-11-2024
Ambulansearbeidar/Paramedisiner
Vil du vere med på vårt lag? Seksjon Ulstein-Herøy har ledig 100 % fast stilling.
Seksjon Ulstein-Herøy er ein del av Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF, som organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket med ambulanse, båt-, luftambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113). Vi er ein seksjon med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer, som alltid har fokus på best mogleg pasientbehandling.
Dersom du søker utfordringar og ynskjer å vere del av eit profesjonelt team, vil vi gjerne ha deg med! Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag.
- Vere fagleg engasjert og ansvarsbevisst.
- Motivere og samarbeide godt med kollegaer.
- Delta i undervisning og sertifiseringar.
- Ta på deg faglege delegeringar i samsvar med prosedyrar og interne reglar.
- Utføre interne arbeidsoppgåver.
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldand for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner.
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160).
- Førarkort klasse C1.
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå.
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne.
- Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge.
- Politiattest kreves etter lov om helsepersonell §20a.
- Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer.
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar.
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig.
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.
Kontaktinformasjon
Helene Birkhol, Seksjonsleiar, Helene.Birkhol@helse-mr.no
Arbeidsstad
Storehølvegen 14
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4874117956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Amb.stasjon Ulstein/Herøy, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Brann-, utryknings- og redningspersonell |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Storehølvegen 14 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |