Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Ambulansearbeidar

Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelingen er i dag organisert i 3 ambulanse seksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon. 

Vi søker etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta ved Seksjon Sentrum/Øst: Eidfjord, Vaksdal (Dale), Kvam (Nordheimsund), Voss og Bergen (sentrum) og har ledig følgande stillingar:

Sentrum Ambulansestasjon: 
2 x 40% faste stillingar frå 27.01.2025
2 x 50% vikariat frå 27.01.2025 til 25.01.2026

Stillingane er ledige ved Sentrum Ambulansestasjon, men ein vil måtte pårekne å ta vakter på Dale, i Kvam og på Voss ved behov. Ved interne søkarar og overflytting kan det bli ledig ved andre stasjonar enn dei som er oppgitt. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. 

Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:

*  Fysisk test
*  Fagleg utsjekk
*  Køyreutsjekk

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1 og ønskeleg med utrykkingskøyring (kode160) 
  • Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting 
  • Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
  • God fysisk og psykisk helse
  • Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi tilbyr gode turnusordningar
  • Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
  • Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
  • Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
  • Gode kollegaer i eit triveleg miljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Otto Sætre-Hansen, Seksjonsleiar, otto.setre-hansen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4895460875
Stillingsprosent: 40, 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 02.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/32fc6c6e-a023-4b9d-b920-01b72231d4e5
IMPORTAPI