Job Description

Published 03-09-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Aktivitør – bidra med det “lille ekstra” i kvardagen

Hyllestad kommune har ledig 40 % stilling som aktivitør ved Eiklund sjukeheim.

Som aktivitør vil du bidra til

  • ein meiningsfull kvardag for brukarane våre 
  • gode opplevingar 
  • å oppretthalde eit visst funksjonsnivå.

Gjennom ulike aktivitetar vil ein sette brukarane i fokus og bidra med det “lille ekstra” i kvardagen. Sjukeheimen har ei fin arbeidsstove, og sansehage rett utforbi døra. Kulturskulen har jamlege besøk og bidreg med underhaldning og allsang, vi har òg to fysioterapeutar knytt til tenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, leie og gjennomføre ulike aktivitetar for brukarane våre
  • Motivere brukarane til aktivitet og bistå i gjennomføringa
  • Bistå ved måltid (frukost)

Kvalifikasjonar

  • Gjerne fagbrev innan aktivitørfaget, men andre med interesse for faget kan òg søkje
  • Gode norskkunnskapar, særleg munleg 
  • Gjerne relevant erfaring innan estetiske fag
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Vere kreativ og ha evne til å finne praktiske løysingar i ulike situasjonar
  • Du bør vere glad i mennesker og ikkje vere redd for å by på deg sjølv
  • Ha god evne til kommunikasjon, forståing og evne til å komme i kontakt med ulike typer mennesker

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og viktig jobb
  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • God pensjonsordning
  • Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
     

Vel møtt som søkjar! 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hyllestad kommune Omsorgstenestene orgnr: 974614537
Kort om arbeidsgiver Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika – Bergen.

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule – for å nemne noko.

Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.

Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.

Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!

Tilgjengeerklæring

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SØRBØVÅG (Adresse: Åfjordvegen 903 Postnr: 6958)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/02184c84-027d-4453-80df-23ce1d77b2db
IMPORTAPI