Job Description
Published 19-03-2025
Deadline: 11-04-2025
Aktivitetsleiarar sommaraktivitet for ungdom
Vi treng to aktivitetsleiarar til sommaraktivitet for ungdom for omlag tre veker i sommar.
Målet for alle aktivitetane er at barna skal oppleve meistring og gode opplevingar i eit trygt, aktivt, utforskande og sosialt miljø. Trivst du med å jobbe med barn og unge, og har du lyst til å bidra til at dei får ein innhaldsrik og spennande sommar? Vi treng trygge, engasjerte og ansvarsmedvitne personar som kan vere med på å gi barna gode sommaropplevingar.
Arbeidsoppgåver
- Skape og gjennomføre aktivitetar
- Planlegge og tilrettelegge med samarbeidspartnarar
- Ta vare på tryggleiken til barna og skape eit godt miljø for trivsel og samhald
- Organisere og følge grupper på omlag 20 born (alltid to saman)
- Halde rammene og retningslinjene for barna
- Førebu før aktivitet, rydde og halde orden på området der aktiviteten blir gjennomført
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- Du må kunne levere gyldig politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Entusiastisk
- Initativrik
- Uthaldande
- Ansvarsmedviten
- Løysingsorientert
- Glad i barn og unge
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Ein spennande og lærerik sommarjobb
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som fylgjer av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
Kontaktinformasjon
Nina Breivk, Koordinator førebyggjande arbeid, +47 47 88 62 70, nina.breivik@fyresdal.kommune.no
Hilde Martini Momrak, Avdelingsleiar kultur, +47 95 27 09 05
Arbeidssted
Fyresdalsvegen 2233
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4940421423
Stillingsprosent: 50, 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 11.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling kultur, Fyresdal kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for. |
Webside | https://www.fyresdal.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | FYRESDAL (Adresse: Fyresdalsvegen 2233 Postnr: 3870) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-04-2025 |