Administrator skytenester og IT-drift  – Digitaliseringsavdelingen, Klepp kommune

IT Development

(1 day ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 16. December 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 16-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Administrator skytenester og IT-drift 

I Klepp arbeider me aktivt for å modernisera og effektivisera tenestene våre. Sentralt i dette står det å utnytta potensialet i Microsoft Azure, Intune, Entra ID, Endpoint manager, Defender etc.
Nå ønsker me å styrka laget vårt med ein person som kan driva utnytting av dette miljøet vidare. Den me søker vil vera sentral i administreringa av vår Microsoft tenant, og arbeida tett saman med fagansvarleg for IT-drift i kommunen.

Me arbeider og saman med nabokommunane, og det vil vera mogleg å delta i fagleg nettverk på tvers av kommunane.

Arbeidsoppgåver

  • Konfigurera og setta i drift ny funksjonalitet
  • Halda seg oppdatert på utviklinga av Microsoft-porteføljen og finna det som er nyttig for å nå måla til kommunen
  • Ivareta sikkerheita og følge opp og handtere hendingar
  • Forvalta og dokumentera løysingar innan sitt område
  • Delta i prosjekt
  • Vera fagleg støtte for kollegaer

Kvalifikasjonar

Me ser etter ein kollega som kan eller har kjennskap til

  • Microsoft Azure og Intune
  • Microsoft Endpoint Manager og defender
  • Microsoft 365
  • Shell scripting
  • Virtualisering
  • Brannmur og nettverk
  • Utdanning frå universitet, høgskule eller anna relevant teknisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • Forståing for tryggingskrav for endepunkt og i system, nettverk og løysingar
  • ITIL eller andre rammeverk for styring av kvalitet i IT-tenester
  •  Attester og vitnemål
    Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Ønske om, og evne til å tileigna seg ny kunnskap, både på eigenhand og gjennom kurs og andre tiltak for å bygge kompetanse
  • God til å planlegga, prioritera og koordinera eige arbeid og innmeldte behov
  • Kan kommunisera godt med kollegaer og leverandørar
  • Du deler erfaring og kunnskap med andre og er oppteken av å bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Løysingsorientert og god gjennomføringsevne
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Vi tilbyr

  • Allsidige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Rom for å styre arbeidet sjølv så lenge ein når dei måla som er sett
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • 7,5 timers arbeidsdag, inkludert betalt lunsj
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Mobiltelefon med fri mobildata
  • Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Nils Arne Midtun, Digitaliseringssjef, +47 90612659

Arbeidsstad

Kleppevarden 2
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4895309341
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Digitaliseringsavdelingen, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted KLEPPE (Adresse: Kleppevarden 2 Postnr: 4350)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eaa61dce-e84b-4650-901f-e18e7e8cf5b9
IMPORTAPI