Administrativ konsulent – Helse Fonna HF

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • HAUGESUND
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 8. December 2024
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Administrativ konsulent

Helse Fonna søker ein dyktig og engasjert administrativ konsulent for administrerande direktør. Stillinga skal understøtte og koordinere aktiviteten på øvste nivå i ein viktig og kompleks organisasjon, og vi søker deg som trivest med utfordringar og har evna til å finne gode løysningar.  

I denne rolla må du både kunne ha et auga for detaljar og vera i stand til å sjå det store bildet. Du liker å samarbeid med andre og tar sjølvstendig ansvar for å finne gode løysningar. 

 

Arbeidsoppgåver

Ansvar og oppgåver vil kunne spenne vidt, og inkluderer, men er ikkje avgrensa til å 

  • Koordinere og fasilitere møte og aktivitetar 
  • Følge opp og koordinere framdrift på sentrale administrative oppgåver 
  • Kvalitetssikre dokument og prosesser 
  • Forberede saker til administrerande direktør og toppleiargruppa og følge opp disse  
  • Være sekretær for styret i føretaket 
  • Saksbehandle ulike førespurnader til føretaket 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning
  • Relevant erfaring med administrasjon og koordinering 
  • Meget god IKT-kompetanse 
  • Meget gode skriftleg framstillingsevne 
  • Erfaring med styrearbeid er ønskeleg 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og glad i samarbeid
  • Strategisk perspektiv og interesse for utvikling og nytenking
  • Systematisk og målretta
  • Gode gjennomføringsevner og stor arbeidskapasitet
  • Interesse for personleg utvikling og trivest med å samarbeide fagpersonar og høgt kompetente medarbeidarar 

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein av regionens største og mest komplekse verksemder 
  • Samarbeid og utvikling samen med dyktige og engasjerte kollegaer 
  • Gode forsikringsordningar og gode pensjonsordningar 
  • Lønn etter avtale 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Siren Eldøy Hinderaker, HR direktør, 92220894, siren.eldoy.hinderaker@helse-fonna.no
Anders Hovland, Administrerende direktør, 93287565, anders.hovland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4888199918
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Fonna HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside https://www.helse-fonna.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d62b3a76-90de-424f-a660-0df2551d5f57
IMPORTAPI