Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

91% fast stilling som helsefagarbeidar på natt i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

Ledig 91 % fast stilling som helefagarbeidar på natt i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet.

 

Om arbeidsplassen:

Pleie og omsorg aust er ei samordna teneste, det vil seie at personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen, Bråvolltunet, har 18 langtidsplasser.
Me har eige kjøkken. På kjøkkenet lagar kjøkkenpersonalet mat til alle som bur på sjukeheimen og til heimebuande som treng hjelp til matlaging.
Kvar tirsdag og torsdag er det dagtilbod. Der samlast heimebuande til felles måltid , ulike aktivitetar og sosialt samvær.
I heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasientar.
Me er opptatt av at kvar pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.

Ynskjer du å arbeide i eit godt arbeids- og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver, håpar me du søkjer jobb hjå oss.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Legemiddelhandtering
  • MIljøarbeid
  • Utføra helse – og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
  • Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil)
  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap
  • Helsfagarbeidar/hjelpepleiar

 

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og godt humør
  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert

 

Me har:

  • Ulike arbeidstidsordningar – eksempelvis årsturnus og langvakter
  • Helgekompensasjon
  • Varierte arbeidsoppgåver

 

Krav:

  • Politiattest 
  • Førerkort klasse B

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Bråvolltunet orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e45fc84-e07d-490a-a245-7ac288a3e2cb
IMPORTAPI