80,28% stilling som helsefagarbeidar ved Bokko bo- og behandling – Ullensvang kommune Bokko bo- og behandlingssenter
Health and social care LPN (nurse)(2 days ago)
Job Description
Published 07-10-2024
Deadline: 24-10-2024
80,28% stilling som helsefagarbeidar ved Bokko bo- og behandling
Stillinga er fast 80,28 i Ullensvang kommune for tida på Bokko bo og behandling.
Stillinga kan aukast til 100% med 19,72% i vikarpool.
Bokko bo og behandling er ein institusjon i Odda med 16 somatiske langtdisplassar, 8 korttidsplassar, 6 rehabiliteringsplassar og 2 palliasjon plasser. Det er ein spennande arbeidsplass der ein kan utfordre seg i spennande arbeidsoppgåver.
Som arbeidstakar på bokko bo og behandling må du trivast i ein hektisk kvardag. Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og det er ofte skifte av pasientar. På korttidsavdelinga og rehabiliteringsavdelinga kjem det får pasientar frå spesialisthelsetenesta og kommunal helseteneste. Arbeidsdagen vil gi ein stor variasjon i helsefaget gjennom ulike diagnosar og kompleksitet. Vi har tverrfagleg samarbeid med blant anna tilsynslege, fysio-/ergoterapauter. tildelingskontor og heimebaserte tenester. Vi er eit godt team med sjukepleiar, helsefagarbeidar og assistentar.
Arbeid og ansvarsområde
-
Stell og pleie
-
Miljøarbeid
-
Følgje opp eininga sine målsettinger og yta tenester av god kvalitet.
-
Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
-
Halde seg fagleg oppdatert
-
Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem (Profil)
-
Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
-
Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjoner
-
Ønsker relevant helsefagleg utdanning, du kan gjerne være i eit utdanningsforløp
-
Det er nødvendig med gode kunnskaper i norsk, muntlig og skriftlig
-
Gode datakunnskaper er positivt
-
Det kreves politiattest av nyare dato før oppstart.
Personlege eigenskapar
-
Du er ein engasjert person som kan arbeide både sjølvstendig og i team
-
Du må kunne jobbe effektivt og strukturert
-
Du er ansvarsbevisst, positiv og løysningsorientert
-
Du må være fleksibel og endringsvillig
-
Du er brukerorientert og ser brukaren sine ressurser
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
-
Godt tverrfaglig arbeidsmiljø og gode kollegaer
-
Muligheter for faglig utvikling
-
Turnusarbeid
-
Vi jobbar med fleksible turnusordningar
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO