80% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og kulturskole – Ullensvang kommune Jondal skule
Education Primary School(7 days ago)
Job Description
Published 12-11-2024
Deadline: 29-11-2024
80% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og kulturskole
Ledig vikariat 80% som musikklærar ved Jondal skule og kulturskule 1.1.25 – 16.04.25
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 137 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.
Ullensvang kulturskule, avd. Jondal, er samlokalisert med Jondal skule. Avdelinga i Jondal har ca. 75 elevar der fleire av elevane deltek på fleire aktivitetar i kulturskulen. Kulturskulen har gode undervisningslokale i sambruk med musikkavdelinga i grunnskulen.
Me søkjer etter musikklærar som kan jobba både på skule (30%) og kulturskule (50%). I skule har lærar ansvar for musikkundervisninga i 5.-9. klasse. I kulturskulen har lærar ansvar for instruksjon i hovudsakleg bandinstrument (gitar, bass og slagverk). Det blir gitt undervisning individuelt og i grupper.
Stillinga kan søkjast på samla, eller ein kan søkje på stilling knytt til den eine verksemda.
Kvalifikasjonar:
-
godkjent undervisningskompetanse i musikk
-
erfaring som lærar
-
gode digitale ferdigheiter
-
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
-
er ein god klasseleiar
-
har god relasjonskompetanse
-
har god formidlingsevne
-
samarbeidar godt i lærande fellesskap
-
er lojal og ansvarsfull mot skulen og kulturskulen sitt formål
-
er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr:
-
eit godt arbeidsmiljø
-
eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
-
lønn etter avtaleverk
-
hjelp til å finna bustad
-
varierte arbeidsoppgåver
-
spennande arbeid
-
lønn etter hovudtariffavtalen
-
gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
-
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
-
politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO