Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

80 % vikariat som helsesekretær / bioingeniør

Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Helsestasjon og fysio/ergoterapi er tilknytt avdelinga, det same gjeld psykisk helse og rus.
Vi har både helsesekretærar og sjukepleiarar tilsett ved legekontoret, og vi er ei avdeling med sterkt fokus på tverrfaglegheit.

Hva vi ser etter

DU er

  • Autorisert helsesekretær eller bioingeniør

  • Har erfaring frå legekontor eller laboratoriarbeid

  • Er ein god lagspelar og positiv til tverrfagleg samarbeid

  • Har interesse for fagutvikling

Arbeidsoppgaver

Vi søker etter ein helsesekretær eller ein bioingeniør i 80 % vikariat. Det kan bli mogleghet for forlenging etter eit år.

Arbeidsoppgåvene vil vere mottak av pasientar, assistering av lege, laboratoriearbeid og administrative oppgåver tilknytt kontoret.

Det trengs også tilkallingsvikar i avdelinga. Dersom det skulle vere aktuelt, skriv dette i søknaden.

Oppstart 01.02.25 eller etter avtale

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala

  • Pensjon via KLP

  • IA-bedrift

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer

  • Spennande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling

    For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Helseavdelinga Eldbjørg Haugan på telefon 90968018 eller e-postadresse eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no

    Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.

    Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.

    Søk via elektronisk søknadsskjema

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste orgnr: 988748749
Kort om arbeidsgiver

Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, to grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Webside https://www.seljord.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted SELJORD (Adresse: Ingrid Slettens veg 16 Postnr: 3840)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 03-02-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ecd5ee40-b51e-41ed-abd6-59f944f2992b
Stillingsregistrering