80 % sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta – Stranda distrikt, Stranda kommune
Health and social care Nurse(2 days ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024
80 % sjukepleiar/vernepleiar natt i heimetenesta
Vi søkjer etter 80 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt . Arbeidstid etter ei kvar tid gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår. Vi søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss i heimetenesta. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt brukarane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til brukarar med varierande behov.
- Dokumentasjon i pasientjournal.
- Medikamenthandtering.
- Legge til rette for godt samarbeid mellom brukar, pårørande og kollegaer.
- Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Fagleg engasjement.
- Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Søkjar må ha sertifikat.
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner.
- Sjølvstendig og målretta.
- Evne til å samarbeide med andre.
- Fagleg dyktig og engasjert med særleg interesse for eldreomsorg.
- Positiv i møte med brukarar og kollegaer.
- Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- God opplæring.
- Godt fagleg miljø.
- Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer.
- Funksjonstillegg.
Kontaktinformasjon
Astrid Helene Ringdal, Fagleiar, +47 46411156
Arbeidsstad
Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 4887371045
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stranda distrikt, Stranda kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda. |
Webside | https://www.stranda.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | STRANDA (Adresse: Nymarkvegen 58 Postnr: 6200) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 04-12-2024 |