Job Description

Published 12-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

80% fast stilling som sjukepleiar ved rehabiliteringsavdelinga, Hagahaugen

Om arbeidsstaden

Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team.
På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : “Kva er viktig for deg?” Me vektlegg at pasient når måla sine.

Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.

Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

Me søkjer etter

Kvalifikasjoner

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • meistra skriftleg og munnleg norsk 
  • gjerne med vidareutdanninga innan rehabilitering, omsorgsteknologi, forskingsbasert kunnskap, eller anna relevant vidareutdanning

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevne, samtidig evne til å arbeide sjølvstendig
  • du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
  • du er ansvarsbevisst
  • du er punktleg
  • løysingsorientert og evner å tenkje framtidsrettet omkring tjenesten
  • du er positiv og kan takle høgt arbeidspress over tid.
  • du må vera strukturert og kunna handtera og ha oversikt over ulike oppgåver samstundes

Arbeidsoppgåver 

  • legemiddelhåndtering
  • dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem 
  • sakshandsaming i tråd med gjeldende regelverk
  • erfaring med å sjå nytte av arbeidet i tverrfagleg team
  • god dialog med dei andre institusjonane i heradet
  • utføra teneste etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regleverk
  • arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen 
  • arbeid med velferdsteknologi 
  • medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø 

Me tilbyr 

  • God forsikrings- og pensjonsavtale 
  • Lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk   
  • Gode faglige utviklingsmogelegheiter 

 

Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen orgnr: 991451617
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VOSS (Adresse: Hagahaugvegen 30 Postnr: 5705)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2a7c1ea-26c8-403a-9efe-e602f571a568
IMPORTAPI