75% vikariat som helsefagarbeidar med langvakter ved Tenesta for funsksjonshemma, Kinsarvik – Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Health and social care LPN (nurse)(1 week ago)
Job Description
Published 12-12-2024
Deadline: 03-01-2025
75% vikariat som helsefagarbeidar med langvakter ved Tenesta for funsksjonshemma, Kinsarvik
75% ledig vikariat for helsefagarbeidar med langvakter, Tenesta for funksjonshemma avd. Kinsarvik
Om oss:
Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driftar eit avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1
tilbod i eigen tilrettelagt bustad.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne
føresetnader.
Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.Me søkjer
etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med
faglege utfordringar.
Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. Me treng no helsefagarbeider i eit 6 månaders
vikariat med moglegheit for forlenging.
Me søkjer primært etter helsefagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa kan
bli vurderte.
Vikariatet er ledig frå dags dato. Det varer i 6 måneder med moglegheit for forlenging.
Hovedarbeidsoppgåver:
- Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling
- Målretta og strukturert miljøarbeid
- Samarbeide i team på tenestestaden, og mot andre einingar
- Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver
- Yte tenester etter gjeldande vedtak
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Veiledning
- Legemiddelhandtering
- Samarbeid med pårørande
Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å klare det, og for å oppnå størst mogleg
sjølvstende for brukarane, vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det kreves difor at
du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsatte rutinar. Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan
opplevast fysisk og psykisk utfordrande.
Me ser etter deg som:
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og positiv til endringar
- Liker å være i fysisk aktivitet
- Gjerne musikalske ferdigheter
- Er ansvarsfull, tek eigarskap til jobben og har god gjennomføringsevne.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa, vert tillagt stor vekt.
- Du må vere personleg skikka til stillinga.
- Du må og ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- Ein spennande og lærerik jobb
- Opplæring og rettleiing i eit godt arbeidsmiljø
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Arbeid i turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg
Lønn etter hovudtariffavtalen
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Kontaktpersonar: Therese Bakke, avdelingsleiar, tlf 90 40 82 73
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO