Job Description

Published 03-12-2024
Deadline: 22-12-2025

 

75% stilling som heimehjelp ved Heimebaserte tenester, Odda

75% stilling som heimehjelp, fast i Ullensvang kommune,
Heimebaserte tenester Odda

Er du heimehjelp eller reinhaldar, og har lyst på ein kjekk, utfordrande, og spanande jobbkvardag?

Vi ønskjer oss nye kollegaer og tenker at det er deg vi vil jobbe med!

Heimehjelp er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimesjukepleien, Kommunalt
hjelpemiddellager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.
I heimehjelpen har vi brukarar i ulike aldersgrupper, og vi er opptatt av å tilby tenester av god
kvalitet til brukarane våre.

Arbeidsoppgåver:

  • Generelt reinhald i heimen til brukaren.
  • Handling til brukaren
  • Moglegheit for arbeid 3. kvar helg som pleiemedarbeidar i heimesjukepleien

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring som heimehjelp eller reinhaldar
  • Du må legge fram gyldig politiattest
  • Fordel med førarkort klasse B
  • Gode norsk kunnskaper skriftleg og muntleg
  • Andre med relevant erfaring kan søke

Personlege eigenskaper:

  • Fleksibel, strukturert og effektiv
  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til god kommunikasjon, vera reflektert og og kunna skape gode relasjonar med brukarane og pårørande
  • Evne til å tenke nytt og være kreativ
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Dagtid, med moglegheit for arbeid kvar 3. helg.
  • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Internundervisning og fagleg påfyll
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Lønsvilkår:
Etter HTA

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda orgnr: 978606598
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-12-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ad4626d5-9bc8-484f-b352-620f9a05d690
IMPORTAPI