50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar – f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(1 day ago)
Job Description
Published 07-01-2025
Deadline: 21-01-2025
50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar
Ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, er det ledig ei mellombels 50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 27.01.25-11.06.25. Ålfoten oppvekstsenter er eit lite oppvekstsenter med ein barnehage og ein barneskule. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-6 år går saman. Deler av stillinga er knytt til SFO, der skule og barnehage har eit tett samarbeid.
Barnehagen er i stadig utvikling og ser det som viktig å halde på den gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi arbeider målretta i høve språk. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne og ungdomsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
- Andre kan òg søke
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Du trivast med å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statenspensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
- Startpakke for nytilsette. Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30.000,- pr år i inntil fem år.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Bustadtilskot til førstegongsetablerarar i Bremanger kommune på kr. 200 000,-
Kontaktinformasjon
Eldbjørg Aske Myklebust, Driftssjef Ålfoten oppvekstsenter, +47 95985266
Arbeidsstad
Ålfotevegen 52
6737 Ålfoten
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4903488894
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 21.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, Bremanger kommune orgnr: 874592102 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
|
Webside | http://bremanger.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | ÅLFOTEN (Adresse: Ålfotevegen 52 Postnr: 6737) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-01-2025 |