Job Description

Published 21-06-2024
Deadline: 11-07-2024

 

50% heimehjelp i pleie og omsorg

Søknad

Om stillinga

  • Stillingsstorleik: 50% heimehjelp i pleie og omsorg
  • Stillinga kan innebera arbeid på vaskeriet i samband med ferieavvikling og behov
  • Stillinga er plassert i kommunen sitt regulativ i samsvar med tariffavtale

Arbeidsoppgåver

  • Vask, vedlikehald og reparasjon av bebuarane sine kle samt uniformer og tekstilar som er i bruk på Bygdaheimen
  • Handtering av smittevask
  • Vedlikehald og reingjering av maskiner
  • Reinhald og praktisk bistand i heimen, slik som reingjering av golv, støvsuging, klesvask og diverse andre oppgåver
  • Rettleiing og råd slik at den enkelte brukar kan bu heima lengst mogleg

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og/eller erfaring frå reinhald eller helse er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • Førarkort klasse B
  • Det er ei føremon med gode norskkunnskapar — både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evna til å gjera sjølvstendige vurderingar og ta eigne faglege avgjersler
  • Evna til å skapa gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Omstillings- og utviklingsorientert
  • Iniativrik og engasjert
  • Målretta og strukturert
  • Positiv og lojal

Me tilbyr

  • Ein arbeidsgjevar som satsar på heiltidskultur med gode turnusordningar der tilsette kan koma med innspel til eigen turnus
  • Godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Moglegheit til å søkja støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Moglegheit til å leiga Eidfjord kommune si hytta på Hardangervidda

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeida innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma visa politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden. I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjera opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating er eit krav.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Kari Helland Butlf 482 67 693, avdelingsleiar Kjellaug Enge tlf 472 89 108 eller kommunalsjef Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.

Eidfjord kommune

Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgjeven av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal pleie og omsorg levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eidfjord Kommune Heimebaserte Tenester orgnr: 974068168
Kort om arbeidsgiver

Bygdaheimen

Bygdaheimen er basen i pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord kommune. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Det er 20 bebuarplassar på Bygdaheimen fordelt på somatisk avdeling og demensavdeling. Tenesta er integrert noko som betyr at dei tilsette jobbar fleksibelt både på Bygdaheimen og i heimetenesta. Me har fokus på kvalitet og har sidan 2013 årleg delteke i nettverk i regi av USHT. Tenesta har digitalt varslingssystem på Bygdaheimen og digitale tryggleiksalarmar knytt til heimetenesta.

Webside https://www.eidfjord.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted EIDFJORD (Adresse: Simadalsvegen 1 Postnr: 5783)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 11-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/73216dde-d3eb-4f59-9ba7-559ef62a5ce7
Stillingsregistrering