2 x Nattstilling 65,73%. Vikariat.   – Buteneste midtre, Ålesund kommune

Health and social care LPN (nurse)

(16 hours ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 24. October 2024
  •  Expire date: 10. November 2024
Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

2 x Nattstilling 65,73%. Vikariat.  

Nattstilling i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Dei tilsette skal gi heildøgns omsorg til menneske med funksjonsnedsettingar. Stillingane ligg til avdeling Olsvika og er ledig fra 1.1.25 med en varighet ut 2025. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta saman med den enkelte tenestemottakar, pårørande og kollegaer for å ivareta den enkelte sin rettstryggleik.
  • Bistå til at tenestemottakar får individuelt tilpassa tenester og god søvnhygiene slik at dei kan ha ein meiningsfull og aktiv kvardag 
  • Miljøarbeid, herunder praktisk bistand i tenestemottakarane sine leiligheiter.
  • Levere tenester i tråd med vedtak, lovverk, fagleg anarkjent metodikk og etiske retningsliner, samt kommunenes verdiar og målsettingar.
  • Benytte den velferdsteknologi som er tilgjengelig og godkjent.
  • Helseoppfølging og legemiddelhandtering etter delegasjon.
  • Arbeide etter fagadministrative system (Helseplattformen, Compilo).
  • Halde deg kontinuerleg oppdatert ved bruk av t.d mail og Teams.
  • Vere lojal mot system og metodar, og utføre oppgåver som vert delegert.

Kvalifikasjonar

  • Alle kan søkje på stillingane, følgande utdanningar og kvalifikasjoner vert føretrekt:
  • 3-årig helse- sosial eller pedagogisk utdanning på høgskulenivå, 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på vidaregåande nivå.
  • Det er ein fordel om du kan vise til erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kap. 9 i Helse og omsorgstenestelova. 
  • Meistre norsk godt, både skiftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B
  • Krav om politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap, interesse for og erfaring frå arbeid med målgruppa.
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode  kommunikasjons og samarbeidsevne.
  • Evne til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig.
  • Du er lojal mot bestemmelsar.
  • Du motiverer, inspirerer og tek ansvar for at vi saman oppnår god fagleg og etisk standard.
  • Du må vere ein positiv kultur- og haldingsbærar.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, og i team.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar, varierte og givande arbeidsoppgåver.
  • Arbeid i turnus.
  • God opplæring og oppfølging.
  • Løn etter gjeldande tariff.

Kontaktinformasjon

Cecilie Marie Åsen Knoff, Avdelingsleder , 993 94 771, cecilie.marie.aasen.knoff@alesund.kommune.no
Wenche Karin Åsmo Brandt, Verksemdsleiar, 954 32 994, wenche.karin.asmo.brandt@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Vestre Hovdenesvegen 8E
6019 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4875276445
Stillingsprosent: 65,73%
Vikar
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Buteneste midtre, Ålesund kommune orgnr: 923934987
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅLESUND (Adresse: Vestre Hovdenesvegen 8E Postnr: 6019)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/061d1a6d-1a99-4804-935d-54df18b4f82d
IMPORTAPI