2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal – Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(2 weeks ago)
Job Description
Published 10-11-2024
Deadline: 02-12-2024
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Vi har to 100% stillingar ledige som tannlege ved distriktstannklinikken Surnadal: Ei fast stilling og eit vikariat i tidsrommet februar 2025 – mars 2026.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Stillingane er ledig for tiltreding etter avtale med overtannlege.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/surnadal
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale (begynnarlønn for nyutdanna: kr. 6×0.000
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etablerings- og stabiliseringstilskot
- Flyttetilskot
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Marlene Indiane Lund, 42007 Klinikkleder, 46672190
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Arbeidsstad
Øyatrøvegen 18
6650 Surnadal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4881217846
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 03.02.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 02.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no) Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt! |
Webside | http://mrfylke.no/jobb |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | SURNADAL (Adresse: Øyatrøvegen 18 Postnr: 6650) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |