2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal – Møre og Romsdal fylkeskommune
Health and social care Tannhelse/-pleie(1 week ago)
Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 02-12-2024
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Surnadal
Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi har to 100% stillingar ledige som tannlege ved distriktstannklinikken Surnadal: Ei fast stilling og eit vikariat i tidsrommet februar 2025 – mars 2026.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Stillingane er ledig for tiltreding etter avtale med overtannlege.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/surnadal
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etablerings- og stabiliseringstilskot
- Flyttetilskot
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
For mer informasjon og for å søke på stillingen klikk på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 976248244 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Ledige stillingar innan tannhelse (mrfylke.no) Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt! |
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Tannhelse/-pleie |
Sted | SURNADAL (Adresse: Postnr: 6650) |
Stillingstype | Annet Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |