Job Description

Published 12-12-2024
Deadline: 30-01-2025

 

2 stipendiatstillingar i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Griegakademiet

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Stipendiat

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig to stillingar som stipendiat (100 %) innan fagområdet utøvande og skapande musikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.09.2025. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det stillast store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar. Prosjektet må høyre inn under fagområdet utøvande og skapande musikk. Ved Griegakademiet famnar dette fagområdet ulike musikalske sjangrar. Instituttet har studietilbod på BA- og MA-nivå innan klassisk, jazz, tradisjonsmusikk og komposisjon. 

Prosjektet bør ha ein tydeleg utøvande profil, og bidra til ny innsikt og ei djupare forståing av utøvande prosessar. Prosjektet må ha ei klar forankring i Griegakademiet si faglege profil og fagmiljøet si kompetanse. For den strategiske utviklinga på instituttet er vi særleg interessert i prosjekt som kan bidra til å utvikle ulike og innovative metodar og dokumentasjonsformer for kunstnarleg/musikalsk refleksjon innan fagområdet utøvande musikk.

Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga for ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved  fakultetet, og inkorporere dette i utforminga av prosjektet. Meir informasjon om ph.d. programmet ved KMD her

 

Prosjektskildringa: 

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar og forskingsspørsmål, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet.  Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 og rettleiing til prosjektskildring for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde.

 

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav. 

Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. 

 

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk vil kandidaten og få tilbod om å bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt.

Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha bachelor- og masterutdanning innan utøvande musikk, til saman minimum 5 år. Graden må vere fullført innan søknadsfrist. 
    Tilsvarande kompetanse kan unntaksvis vurderast i samsvar med kvalifikasjonsrammeverket, nivå 7.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis på høgt nivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 540 500 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført Bachelorgrad og Mastergrad, samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk.
  • I tillegg:
    • For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement.
    • For utdanning utanfor Norden skal det leggast ved automatisk godkjenning i samsvar med HK-dir. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
    • For utdanning utanfor EU/EØS vert det kravd godkjenning frå HK-dir.
  • Prosjektskildring på inntil 3000 ord (Sjå rettleiing til prosjektskildring).
  • Framdriftsplan. 
  • Budsjett (budsjettmal til nedlasting)
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarleg verksemd i form av lyd- og/eller videoopptak 
  • CV
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva.

     

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. 

NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende.

Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no, tlf. +47 97514878, eller forskingsleiar Einar Røttingen, e post einar.rottingen@uib.no.,

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hillesgt. 3 Postnr: 5015)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/63bc88ac-7b36-4886-bb0e-df7478bfb257
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272018