2.gongs utlysing – ledig stilling som helsefagarbeidar/vernepleiar 80% fast stilling i vikarbank – Kviteseid Kommune Lundenjordet
Health and social care LPN (nurse)(2 måneder ago)
Job Description
Published 24-09-2024
Deadline: Snarest
2.gongs utlysing – ledig stilling som helsefagarbeidar/vernepleiar 80% fast stilling i vikarbank
Me søkjer fleire på laget ved eining for funksjonshemma, me kan tilby meiningsfulle og viktige oppgåver i eit godt miljø i fagre Kviteseid.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar/norsk autorisasjon som vernepleiar.
• Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
• Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
• Førarkort kl. B
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
• Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
• Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
• Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
• Halde deg fagleg oppdatert
• God rollemodell
• Kreativ og glad i aktivitet
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
• Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
• Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
• Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
• Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
• Dokumentere i fagsystem
• Tverrfagleg samarbeid
• Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
• For vernepleiar; legemiddelhandtering, KHOL kap. 9, koordinatoransvar
Vi tilbyr
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alle aldrar. Her jobbar det mange forskjellige yrkesgrupper som alle har fokus på å gjere det beste for dei som bur her. Me er ei variert personalgruppe med fleire tilsette som har vore trygge og stabile over fleire år, og nye yngre tilsette som er ivrige, lærevillige og nytenkjande. Dei som bur her trivast aller best med at dei tilsette blir her over tid. Det er det som skapar tillit, stabilitet og føreseielege dagar for dei. Derfor har me fokus på at den enkelte skal trivast og ynskjer heile tida å strekkje oss mot eit enda betre arbeidsmiljø.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kviteseid Kommune Lundenjordet orgnr: 976825780 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ved Lundenjordet bufellesskap er me ein blanda gjeng i alle aldrar med ulike utdanningar og yrkeserfaringar. Vårt felles mål er å skape ein god og trygg kvardag for brukerane våre. Vi held til sentralt i Kviteseid med gåavstand til sentrum og har nydeleg utsikt over Kviteseidvatnet. |
Webside | https://www.kviteseid.kommune.no/ledige-stillingar.480321.nn.html |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | KVITESEID (Adresse: Lundenvegen 14 Postnr: 3850) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |