Job Description

Published 23-04-2025
Deadline: 18-05-2025

100% vikariat som fagleiar

Kalvåg oppvekst har ledig vikariat som fagleiar for barnehage i 100 % frå 01.08.25-31.07.26.

Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen og skulen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til  PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativt, økonomisk- og fagleg ansvar, personalansvar og forvaltningsansvar saman med driftssjef for oppvekstsenteret
  • Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova, rammeplan og overordna føringar og lovverk
  • Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
  • Organisasjonsutvikling
  • Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling

Kvalifikasjonar

  • Krav om barnehagelærarutdanning
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
  • Krav om godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, er løysningsfokusert og raus
  • Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov og vere tilgjengeleg for brukarane og personalet
  • Ha god evne til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
  • Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
  • Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
  • Vere ryddig og ha innsikt i økonomistyring

Vi tilbyr

  • Bremanger kommune har mange attraktive ordningar for nytilsette og tilflyttarar. Sjå alle ordningane her
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985

Arbeidsstad

Kleivavegen 13
6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4959413732
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 18.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver f.t. ved Kalvåg Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted KALVÅG (Adresse: Kleivavegen 13 Postnr: 6729)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 18-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4294da96-063f-4c35-b83c-b65bb1e6da63
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31