Job Description

Published 13-01-2025
Deadline: 31-01-2025

100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar ved Aga barnehage

Ullensvang kommune har ledig 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar

i Aga barnehage frå dd – 09.08.25

Aga barnehage held til i byggjefeltet Syreflot på Aga. Vi har stort uteområde og har eigen gymsal. Barnehagen har 2 avdelingar med 32 plassar. Vi nyttar nærmiljøet mykje, t.d. Idrettsanlegget Skotamyra og Agatunet.

Vi søkjer deg som har evne til å sjå kvart barn og skapa gode relasjonar med barna og vaksne. Du har evne til å reflektera, gjera vurderingar og arbeida sjølvstendig. Du er løysningsorientert, positiv og bidrar til beste i fellesskapet for Aga barnehage.

Vår visjon er: Ein god start saman!

Hovudmålet vårt er å  gje alle barn som går i Aga barnehage opplevinga av den gode barndom!

Arbeidsoppgåver:

Som barne- og ungdomsarbeidar har du medansvar for:

  • Barna sin trivsel og utvikling

  • Godt samarbeid med barna, foreldra, personale

  • Oppfølging for enkeltbarn og barnegrupper

  • Pedagogisk utvikling i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse som barne- og ungdomsarbeidar, andre kan og verta vurdert i stillinga.

Krav:

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

  • Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjent tuberkulinstatus

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.

  • Løn etter tariff

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Aga barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/239b0091-a84c-47fe-b9aa-2466a498a3ee
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31