100% stilling som verksemdsleiar ved Eigedom og miljø – Ullensvang kommune Eigedom og miljø
Health and social care Helse- og miljørådgivere(1 week ago)
Job Description
Published 03-12-2024
Deadline: 22-12-2025
100% stilling som verksemdsleiar ved Eigedom og miljø
100% fast stilling som verksemdsleiar Eigedom Ledig fast stilling som verksemdsleiar eigedom – stillingsstorleik 100 %
Me har ledig ei spanande og utfordrande stilling som verksemdsleiar i verksemda eigedom.
Eigedom er organisatorisk lagt under verksemdsleiar bygg og eigedom i sektor Teknikk og miljø.
Eigedom sine hovudoppgåver kan oppsummerast slik:
Forvaltning av kommunens eiendomsportefølje, avtalar om kjøp/sal, internkontroll, ansvar for rutinar, reglement, forskrifter, avtalar, merkantile oppgåver og risikostyring i tillegg til sakshandsaming og tilrettelegging for tverrsektoriell samhandling. FDV, internkontrollsystem, rapportering mot offentlege mynde, sakshandsaming, politiske saker, miljøfokus, felles driftssystem/dataverktøy for andre interne brukarar i Ullensvang kommune, budsjett/økonomiansvar og juridisk- kompetanse.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg leiing av arbeidsoppgåver på eigedom.
- Ansvar for dagleg drift av avdelinga med fag og personalleiing.
- Forvaltning av kommunen sin eigedomsmasse.
- Kjøp og sal av eigedommar.
- Utarbeiding av avtalar.
- Kontraktsoppfølging/regulering.
- Oppfølging av leieavtaler/festeavtaler.
- Bistå eininga med juridiske avklaringar.
- Rådgje ved spørsmål retta mot avtalar.
- Svare på førespurnader/telefonar frå innbyggarar og andre.
- Sørge for fagleg utvikling og kvalitetssikring av verksemda sammen med verksemdsleiar.
- Saman med andre finne eigna lokale til kommunale tenester.
- Rådgje inn i arbeidsgruppa for utbyggingsavtalar.
- Ansvar for HMS- arbeid på avdelinga.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillingen.
- Budsjett/økonomiansvar
Ynskte kvalifikasjonar:
- Eigedomsforvaltar kompetanse eller anna relevant utdanning. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Allsidig erfaring innafor fleire av kulepunkta nemnd under arbeidsoppgåver.
- Brei praksis frå kommunal forvaltning på ulike områder.
- Leiarutdanning/kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Omgjengeleg og raus.
- Ser på seg sjølv som viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø.
- Har erfaring i å samhandle med mennesker.
- Kunne sjå samanhengar mellom oppgåver i tid og kompleksitet.
- Ha gjennomføringsevne/kraft.
- Gode samarbeidsevner.
- Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Spanande arbeid.
- Lønn etter avtale.
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Krav:
- Sertifikat klasse B
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO