100% stilling som sakshandsamar ved Byggesak – Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(1 week ago)
Job Description
Published 18-03-2025
Deadline: 06-04-2025
100% stilling som sakshandsamar ved Byggesak
Ledige fast 100% stilling på byggesak
Arbeidsoppgåver:
Me har no ledige stilling som sakshandamar på byggesak.
Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har felles leiar med landbruk, havbruk og skogbruk. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette – av desse jobber pr i dag 6 personar med byggesak. Det vert no ledig 1 stilling som byggesakshandsamar.
Avdelinga har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, noko som gjer ein rusta til å løyse komplekse oppgåver. På byggesak jobbar ein med mange spanande saker og problemstillingar. Me handterer eit stort lovverk, og samarbeidar med fleire instansar både internt og eksternt.
Vår oppgåve er å sjå til at regelverket og vedtatte planar vert fulgt, samt å drive tilsyn og ulovlegheitsoppfølging osv. Me driv og med mykje rettleiing internt og eksternt. Stillinga kan verte tillagt andre oppgåver ved behov.
Ullensvang kommune nyttar per dags dato Acos websak og kommunekart.com. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Me har stor tru på å dele kunnskap og spele kvarandre gode, så stillinga passar godt både for nyutdanna og erfarne.
Ynskte kvalifikasjonar:
-
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis jurist, ingeniør, arealplanleggar.
-
Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning
-
Kjennskap til plan- og bygningslova
-
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
-
God IKT-kompetanse
-
Bilsertifikat
-
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-
Er serviceinnstilt
-
Er sjølvstendig
-
Evne til å arbeide nøyaktig og systematisk
-
Initiativrik og pliktoppfyllande
-
Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
-
Fast 100% stilling
-
Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
-
Lønn etter avtale
-
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
-
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Informasjon om vidare prosess
Ta gjerne kontakt med verksemdsleiar for meir informasjon.
Me ynskjer ikkje kontakt med annonsører.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO