100% stilling som rektor ved vaksenopplæringen, Odda – Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning

(5 days ago)

  • ODDA
  •  Post Date: 25. March 2025
  •  Expire date: 11. April 2025
Job Description

Published 25-03-2025
Deadline: 11-04-2025

100% stilling som rektor ved vaksenopplæringen, Odda

Ledig fast stilling som rektor ved vaksenopplæringa i Odda i 100 %.

Arbeidsstad: Odda

Vaksenopplæringa i Odda har tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap til deltakarar i introduksjonsprogram, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar samt grunnskuleopplæring, kombinasjonsklasse i samband med Odda vg.skule og individuelt tilrettelagt opplæring for vaksne. Vaksenopplæringa er og teststad for gjennomføring av norskprøvar, prøvar i samfunnskunnskap og statsborgarprøven. Dei nyttar ulike digitale plattformer til både samarbeid mellom lærarane og i samhandling med elevar og samarbeidspartar. Det er eit tett samarbeid med vaksenopplæringa i Kinsarvik, Voss og Kvam i tillegg til verksemd for inkludering. Nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen.

Vår standard for rektorar:

Arbeidsoppgåver:

  • God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.

  • Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.

  • Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.

  • Omdømmebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdømme.

  • Samarbeid med aktuelle fagforeiningar og vernetenesten: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid.

  • Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.

Samarbeid:

  • Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.

  • Delta i lærarteamet: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulen. 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Utdanning og formell kompetanse for dette skuleslaget.

  • Erfaring som leiar frå skule og opplæring.

  • Vidareutdanning i utdannings-/ og skuleleing er eit pluss.

  • Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.

  • Kunnskap om nytt læreplanverk og opplæringslova frå 01.08.24.

  • Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.

  • God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett og reknskap.

  • Gode digitale ferdigheiter.

  • Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:

  • Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.

  • Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.

  • Ambisiøs for deltakarane og skulen: Du har høge forventningar til deltakarane og skulen sin suksess.

  • Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.

  • Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.

  • God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med deltakar, tilsette og samarbeidspartar.

  • Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.

  • Byggjer gode læringssystem: Du er opptatt av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.

  • Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullenvangskulen og oppvekstsektoren.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver.

  • Spennande arbeid.

  • Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorer og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.

  • Gode lønnsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest jfr opplæringslova.

Opptart:

  • 01.08.25.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette”.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Velkomen som søkjar hjå oss!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning orgnr: 996230872
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/56c8fe2a-4982-478c-86df-bfc9501c3db4
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31