Job Description

Published 27-10-2024
Deadline: 24-11-2024

 

100% stilling som pedaogisk leiar ved Hestavoll barnehage

Ledig 100% stilling, fast som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage. 

Vil du ha verdens viktigste jobb? 

Hos oss får du høve til å vere ein trygg og spennende voksen for barn tidleg i livet. Barn som gjennom erfaringar, inntrykk, gode relasjoner og leik vil påverke framtida vår.

Barnehagen har ledig stilling som pedagogisk leiar frå 1. januar 2025. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. Vi legg vekt på å bygge gode relasjoner og fremja eit inkluderande læringsmiljø. 

Barnehagen har 3 avdelinger fordelt på 60 plasser. Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Barnehagen har fokus på utviklingsområdet “Se barnet innenfra”, initiert av Utviklingspsykologane. eit inspirerande utviklingsområde der vi heile tida vil vere i utvikling. Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på musikk, drama, kultur og kreativitet. Barnehagen har eit fleirkulturelt miljø, noko vi opplever som ein stor rikdom i kvardagen. Barnehagen har utarbeida ein språkplan der vi sikrer eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle. 

Barnehagen vert oppgradert med nye kjøkken på alle avdelingane denne hausten, noko som gjer kvardagen enklare og moglegheitane mange. Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og voksne er glade for å nytta gjennom året. 

 

Kompetanse:

  • Barnehagelærarutdanning eller tilsvarende jf. Barnehageloven §25

  • Anna bakgrunn kan bli vurdert

 

Arbeidsoppgaver:

  • Leia arbeidet med å planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera det pedagogiske arbeidet i barnehagen

  • Halde deg fagleg oppdatert og dele kunnskap med profesjonsmiljøet i barnehagen

  • God rollemodell, som gjer og mottar rettleiing og tilbakemeldingar

  • Visa omsorg for det einskilde barn og barnegruppa

  • Jobbe aktivt med å sikra barnas rett til medverkning

  • Delta aktivt i leik og aktiviteter saman med barna

  • Jobba for å fremja eit trygt og inkluderende barnehagemiljø

  • Ta initiativ til og oppretthalda eit godt foreldresamarbeid

  • Delta aktivt i barnehagens leiarteam for å vidareutvikle barnehagen

 

Kvalifikasjonar:

  • Evne til refleksjon for å skapa og oppretthalda eit godt psykososialt arbeidsmiljø

  • Raus og tilstede i møte med barn og foresatte

  • Søkere med utanlandske kvalifikasjoner, må vedlegge dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Erfaring frå barnehage er ynskeleg

  • Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding, jf. Lov om barnehager §30

 

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å bygga gode relasjonar med barna; evne til å “se barnet innenfra”

  • Autoritativ; varm og tydeleg voksenstil

  • Lyttande med evne til refleksjon

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel med evne til å arbeide målretta og strukturert 

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til god kommunikasjon

  • Fokus på kvalitet i tenesta

  • Instrumental kompetanse er positivt

 

Vi kan tilby:

  • Eit interessant og godt arbeidsmiljø som legg vekt på inkludering, deling og samarbeid.

  • Løn etter ansiennitet jfr. hovedtariffavtalen.

  • Auka pedagogisk leiar tillegg kr. 36 000,-. 

  • Høve for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderande arbeidsliv).

  • Ein barnehage der du får være med å påverke vegen videre. 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Hestavoll barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4d015f8a-1488-4eff-99e0-e6f7a4703e7d
IMPORTAPI