100% stilling som IT-arkivar / dokumentforvaltar ved Digitale tenester – Ullensvang kommune Digitale tenester
Kultur og kreative yrker Museum, bibliotek, arkiv(16 hours ago)
Job Description
Published 17-11-2024
Deadline: 08-12-2024
100% stilling som IT-arkivar / dokumentforvaltar ved Digitale tenester
Ledig fast stilling som It-arkivar / dokumentforvaltar – stillingsstorleik 100 %
Ullensvang kommune søkjer etter ein dyktig og engasjert IT-arkivar/dokumentforvaltar til å styrke vårt arkiv- og IT-team. Vi har ledig ei 100 % fast stilling med oppstart snarast mogleg.
I stillinga vil du ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å vidareutvikle og modernisere kommunen sitt arkivsystem. Du vil bidra til digitalisering, automatisering av arbeidsprosessar, og kvalitetssikring av arkivdanning og elektronisk dokumentasjonsforvaltning. I ei tid der automatisering og integrasjon mellom systema våre står sentralt, vil du vere med å forme framtida for vår dokumenthandsaming og arkivløysingar.
Ullensvang kommune ligg midt i hjartet av Hardanger, omgitt av majestetiske fjordar og fjell. Kommunen er kjent for sine naturskjønne omgivnader og eit rikt lokalsamfunn som kombinerer tradisjon og innovasjon. Som IT-arkivar i Ullensvang kommune vil du få moglegheita til å jobbe i eit spennande miljø med høg fagleg kompetanse, der vi set digitalisering og modernisering i fokus.
Stillinga tilbyr fleksibilitet når det kjem til arbeidsstad og arbeidsform, med moglegheit for heimekontor, samt ei god balanse mellom arbeid og fritid. Du vil vere ein del av eit team som legg til rette for utvikling og vekst, både fagleg og personleg.
Arbeidsoppgåver:
-
Arkivdanning med journalføring og kvalitetskontroll av kommunen sin post og dokumentflyt
-
Prosjektarbeid og daglege driftsoppgåver i arkivtenesta
-
Digitalisering og automatisering av arbeidsprosessar
-
Utrulling og vidareutvikling av arkivsystemet WebSak
-
Utvikling og kvalitetssikring av integrasjonar mellom ulike fagsystem og arkivløysinga (TK-arkiv/eArkiv)
-
Brukaradministrasjon og opplæring av superbrukarar i WebSak
-
Deponering og framfinning av digitalt skapt arkivmateriale
-
Kvalitetssikring og vidareutvikling av skjemaløysingar, samt utfasing av tidlegare elektroniske skjema
Kvalifikasjonskrav:
-
Relevant høgare utdanning på bachelorgradsnivå innan informasjons- og dokumentasjonsforvaltning. Lang og relevant arbeidserfaring kan vege opp for karv til utdanning.
-
Arkivfagleg kompetanse, erfaring med elektroniske arkivløysingar
-
Erfaring med relevante lovverk med tilhøyrande forskrifter
-
God IT-forståing og erfaring frå deltaking i IT-prosjekt
-
Erfaring med elektronisk deponering og gjenfinning av arkivmateriale frå databasar
-
Kunnskap om systemintegrasjonar og utvikling av digitale løysingar
-
Databaseforståing og web-kompetanse
Personlege eigenskapar:
-
Utadvendt, strukturert og organisert
-
Systematisk og serviceinnstilt
-
Løysingsorientert, kreativ og innovativ
-
Evne til å sjå moglegheiter og utvikle nye løysingar
Me tilbyr:
-
Ei unik arkivfagleg stilling i skjæringspunktet mellom IT og arkiv
-
Store moglegheiter for å modernisere arkivområdet og bidra til ei framtidsretta dokumenthandsaming
-
Gode utviklingsmoglegheiter i ein kommune med fokus på innovasjon
-
Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Varierte arbeidsoppgåver
-
Spennande arbeid
-
Lønn etter hovudtariffavtalen
-
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
-
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO