Job Description

Published 18-03-2025
Deadline: 06-04-2025

100% stilling som ingeniør, oppmåling ved Byggesak

Ledig fast 100% stilling som ingeniør innanfor oppmåling

Arbeidsoppgåver:

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag omlag 12 tilsette – av desse jobbar 2 personar med oppmåling. Det er no ledig stilling innanfor oppmåling.

I stillinga ligg det oppmålingoppgåver, deriblant gjennomføring av oppmålingsforretningar og matrikkelføring. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel. Det er ynskjeleg at ein innehar autorisasjon som landmålar, eller at ein er kvalifisert til å kunne bli autorisert landmålar. 

I stillinga ligg det og ajourføring, forbedring og utvikling av kartdatabasane, matrikkelføring, meglerpakker, kundehandsaming mm. Du vil og bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil mellom anna samarbeide med byggesakshandsamarar, samfunnsplanleggarar, landbruksrådgjevarar, samt kommunen si vass- og avløpsteneste. I tillegg vil rettleiing internt og eksternt vere ein del av stillinga. Stillinga kan og verta tillagt andre oppgåver ved behov. 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Autorisert landmålar, evt. at ein er kvalifisert til å kunne bli autorisert landmålar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå (relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning)

  • Kunnskap/ erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling

  • Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat 

  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Evne til å arbeide sjølvstendig 

  • Evne til å arbeide nøyaktig og systematisk

  • Initiativrik og pliktoppfyllande

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/56a7cba7-4f43-4ea7-b7e2-93cfd560808d
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31