Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

100% stilling som fagarbeidar ved Odda barneskole – SFO

Ledige fagarbeidarstillingar ved Odda barneskole/SFO:

100%  fast stilling oppstart snarest mulig.

 

Det kan verta fleire stillingar det blir tilsett i.

 

Odda barneskole er ein barneskule, 1.-7. trinn, med ca 310 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO-team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO-leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen

  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel

  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet

  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • barne- og ungdomsarbeidar

  • erfaring frå arbeid med barn og unge

 

Vi ser etter deg som:

  • likar å arbeida med barn og unge

  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar

  • er sjølvstendig og fleksibel

  • har gode samarbeidsevner

  • er robust, omsorgsfull og tolmodig

  • er løysningsorientert og initiativrik

 

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge

  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer

  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Odda barneskule orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5226f5fa-3fe1-430b-be70-2cf40faff171
IMPORTAPI