Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

100% stilling som brann- inspektør/ingeniør ved Ullensvang brann og redning

100% stilling som brann- inspektor/ingeniør ved Ullensvang brann og redning

Om arbeidsgivaren
Ullensvang kommune er ein stor kommune med eit areal på 3200 km2. Det er ca 11000 innbyggjarar og Odda er regionssenteret. Ullensvang brann og redning (UBR) består av hovudstasjonen i Odda, og 4 bistasjoner. Desse ligg i Røldal, Utne, Lofthus og Jondal. Odda har 5 vaktlag, 4 konstablar og 1 utrykkingsleiar, på dreiande vakt med vaktbyte kvar torsdag. Totalt er det tilsett 87 personar i UBR.
Me ser etter ein sjølvstendig, allsidig og fagleg engasjert person som kan bidra til å auka branntryggleiken i kommunen. Du må like å jobba med menneske, vera lagspelar og ha eit ønske om å tryggja innbyggjarane våre. Som brann- inspektør/ingeniør vil du komma i kontakt med alle menneskegrupper og formidla bodskapen om branntryggleik. Du vil vera ansiktet til brannvesenet utetter når du representerer oss i uniform og du vil vera ein viktig omdømmebyggjar for brannvesenet.
Me er ein av 21 kommunar som er med i samarbeidet Vest brann og redning KO. Dette er eit samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen og består av tre fagutval, brannførebygging, brann og redningsberedskap og nødmeldetenesta.

Stillingslysing brann- inspektør/ingeniør.
Det vil bli ledig stilling som brann- inspektør/ingeniør ved Ullensvang brann og redning frå 01.01.2025.

  • 1 fast stilling som brann- inspektør/ingeniør i 100 % stilling med fast oppmøte stad Odda brannstasjon. Stillinga vil inngå i innsatsleiarvakt med vaktturnus kvar 4. veke. Funksjonen varabrannsjef kan bli tillagt stillinga.

Hovedarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Gjennomføra tilsyn med særskilde brannobjekt og andre risikoobjekt, blant dei objekt underlagd forskrift om farleg stoff.
  • Motivasjons- og informasjonstiltak innan brannførebygging.
  • Arbeid med HMS og internkontroll.
  • Førebyggjande arbeid med utsette grupper.
  • Kursing og undervisning internt og for private.
  • Få og oppfølging av bekymringsmeldingar.
  • Være innsatsleiar i vaktturnus, kvar 4. veke.
  • Være ansvarleg/drifta øvingar på stasjonane og vera med som evt sikringspersonell ihht vakter og årshjul.
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga, i samarbeid med brann og redningssjef

Kvalifikasjonar:

  • Er branningeniør, byggingeniør, HMS-ingeniør, annan relevant ingeniørkompetanse og/eller utdanning frå Noregs brann og redningsskule (BER 3 eller D-kurs og Forebyggende kurs)
  • Uttømmande politiattest- god vandel
  • Tilfredsstille medisinske testkrav for røyk-, og kjemikaliedykkar (god fysikk)
  • Personlege eigenskapar vil bli lagd stor vekt på
  • Har gode evner til å samarbeida og relasjonsbygging
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førerkort kl B
  • Svømmedyktig

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Bustad i nær tilknyting til hovudstasjonen i Odda
  • Har førarkort klasse C, eller tek kostnadene med dette sjølv snarast
  • Sertifikat for utrykkingskøyring Kode 160, eller tek dette snarast på arbeidsgivars rekning
  • Tilfredsstille medisinske krav til førarkort klasse D
  • Før tilsetjing blir aktuelle kandidatar sende til bedriftshelsetenesta for ei målretta helseundersøking. Aktuelle kandidatar må i tillegg gjennomføra fysisk test, høgdetest m.m. før tilsetjing.

Ullensvang kommune kan tilby:

  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Interessante arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjons- og forsikringsordning

Ønskjer ikkje kontakt av telefonslegere!

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takase til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønskt e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Brann og redning orgnr: 973945637
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3a91dcf2-8a3c-4664-b196-0cf6c1f1d6f1
IMPORTAPI