Job Description

Published 10-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

100% fast stilling vernepleiar/sjukepleiar

I Bremanger kommune i tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hogslia i Open Omsorg Ytre, er det ledig ei 100% fast stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med oppstart  13.01.25. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar/ sjukepleiar eller har anna relevant utdanning innan helse og sosialfag
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Du har førerkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.

Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere mogleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr. år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året! 
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.       

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940

Arbeidsstad

Stasjonsvegen 16
6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4883130280
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver f.t. ved Hogslia, Open omsorg ytre, Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted BREMANGER (Adresse: Stasjonsvegen 16 Postnr: 6727)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/094dfcb9-ef48-494e-8dd1-513c65db9914
IMPORTAPI