100% fast stilling som styrar i Modnen barnehage – Modnen Barnehage
Education Ledere av omsorgstjenetser for barn(6 hours ago)
Job Description
Published 04-10-2024
Deadline: 28-10-2024
100% fast stilling som styrar i Modnen barnehage
Om stillinga
Vil du jobba i eit miljø prega av glede, humor der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.
Arbeidsoppgåver
-
Leia og følgja opp det pedagogiske arbeidet med planlegging, vurdering og utvikling av barnehagen sitt innhald og arbeidsmåtar, i samarbeid med dei pedagogiske leiarane
-
Leia arbeidet med å organisera barnehagen sine oppgåver og ressursar
-
Personalansvar
-
Foreldresamarbeid
-
Samarbeid med tverrfaglege team
-
Samarbeid med leiinga på skulen
-
Utvikla barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar
Kvalifikasjonar
-
Godkjent 3-årig barnehagelærarutdanning
-
Styrarutdanning/leiarutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Erfaring som leiar
-
God arbeidskapasitet
-
God skriftleg og munnleg framstilling; nynorsk vert nytta som skriftform
-
Høg digital kompetanse
-
Kunne arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Personlege eigenskapar
-
Har evne til å ivareta og vidareutvikla barnehagen sitt leike og læringsmiljø
-
Er strukturert og systematisk både på kort og lang sikt i arbeid med å oppnå gode resultat
-
Har evne til å samarbeida og setja retning
-
Er nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
-
Er opptatt av å vera synleg overfor born, tilsette og foreldre og samtidig har evne til å få folk rundt seg til å trivast
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
-
Spennande og varierte oppgåver
-
Konkurransedyktig løn
-
Faglege og engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
-
6 planleggingsdagar i året
-
10 leiardagar per år
-
Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
-
Barnehagen held stengt i påskeveka og i romjula
-
Betre bemanningsnorm enn det dei sentrale føringane tilseier
-
Hjelp til å skaffa husvære
Tilsetjingsvilkår
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jmf. barnehagelova § 30
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Modnen Barnehage orgnr: 992728337 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Det er ca 20 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø. Som leiar vil du ha det daglege ansvaret med ulike oppgåver og ansvarsområde, og du får du mange dyktige medarbeidarar med på laget. Det er brei tverrfaglegheit i personalgruppa. Barnehagen jobbar prosjektbasert og ein legg stor vekt på born sin medverknad når ein går i gang med planlegging av nye prosjektperiodar gjennom året. |
Webside | https://www.eidfjord.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Ledere av omsorgstjenetser for barn |
Sted | EIDFJORD (Adresse: Skulevegen 10 Postnr: 5783) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 28-10-2024 |