100% fast stilling som sjukepleiar med garantert minstelønn tilsvarande 16 års ansiennitet – Åseral kommune
Health and social care Nurse(7 days ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 05-01-2025
100% fast stilling som sjukepleiar med garantert minstelønn tilsvarande 16 års ansiennitet
100% fast stilling som sjukepleiar med garantert minstelønn tilsvarande 16 års ansiennitet i tredelt turnus.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig hausten 2020. Her er det institusjonsplassar og fleire omsorgsbustadar til menneske med ulike behov.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Vi arbeider for at pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og er opptekne av at den enkelte skal få gode og framtidsretta tenester.
Arbeidsoppgåver
- Utføre helse – og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Sjukepleiarfagleg ansvar på skift når gruppeleiar ikkje er tilstades
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt – Profil
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging av legevisitt
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlige eigenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Evner til nytenkning og sjå nye løysingar
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi kan tilby
- Lønn etter lov og avtaleverk, og lokale særavtaler med garantert minsteløn tilsvarande 16 års ansiennitet
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
Rettleiing og naudsynt opplæring
Vi kan hjelpe til å finne bustad
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, camilla.verdal@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Ljoslandsvegen 9
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 4895583198
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Åseral kommune orgnr: 974613735 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner. |
Webside | http://www.aseral.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | ÅSERAL (Adresse: Ljoslandsvegen 9 Postnr: 4540) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |