Job Description

Published 29-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

100 % fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste

Det er ei ledig fast stilling som kontaktperson ved Voss barnevernteneste.

Om arbeidsstaden

Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa:

  • openheit,-ved å vera ærlege og gje informasjon.
  • kjærleik,-ved å bry oss og vise menneskevarme.
  • me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
  • me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
  • me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.

Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 3 team: 1. undersøking og oppfølging,  2. omsorg, 3. Voss Familiesenter. I tillegg ligg EM tiltaket under barneverntenesta. Stillinga er aktuell på team for undersøking og oppfølging eller omsorg

Barneverntenesta med familiesenteret er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta har etablert eit tett og godt samarbeid med andre instansar i heradet, som arbeidar med born, unge og familiar.

Me søkjer etter deg som ser verdien av tverrfagleg samarbeid mellom hjelpetenestene. Du er godt kjend med plikta til å undersøkje og følgje opp tiltak. Du vil saman med dine kollegaer ha fokus på fagleg utvikling, samarbeid og det å gje kvarandre støtte. Du har forståelse for heradet sine mål og tenester, du er samfunnsengasjert og trygg i rolla som barneverntilsett. Du må ha evne til å gjennomføre komplekse problemstillingar, vera medviten eiga dømekraft, evne til å handle klokt og ha mot til å ta avgjerdsler. Du er engasjert og løysningsfokusert, du er opptatt av å sikre barnets beste og du ivaretek familien i si heilheit,

Arbeidsoppgåver som kontaktperson

  • Stillinga inneber sakshandsaming etter lov om Barnevern. Kontaktpersonane må møte som heradet sin partsrepresentant i  barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
  • Andre oppgåver må og påreknast: Tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage. Ved tilsetjing i omsorgsteamet må ein pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen.
  • Sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver.

Me søkjer

Fagleg kompetanse:

  • minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog eller sosionom.
  • gjerne relevant vidareutdanning.
  • dersom me ikkje får søkjerar med overnevnte utdanning kan det være aktuelt å tilsetje andre faggrupper med relevant høgskuleutdanning (samfunnsvitskap, pedagogikk, psykologi, vernepleie), spesielt om ein har erfaring frå barnevernfeltet frå tidlegare. 

Me ynskjer søkjarar med:

  • erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
  • god skriftleg framstillingsevne. Voss herad har nynorsk som offisielt styringsmål og alle tilsette i kommunale tenester pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • søkjar må snakke og skrive flytande norsk
  • god relasjonskompetanse
  • gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig   

I tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar

Me tilbyr

Du vil bli ein del av eit inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer med svært høg fagleg kompetanse. Som nytilsett vil du få opplæring, tett oppfølging, fast rettleiing og gode faglege tilhøve for utvikling. 

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • svært kjekke og kompetente kollegaer
  • rettleiing både intern, fagleg og prosess
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Barneverntenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VOSS (Adresse: Gurid Allmenningens plass 1 Postnr: 5704)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e1d9c9dc-bd03-44b1-bf46-c5ecc23e03d4
IMPORTAPI