100 % fast stilling som branninspektør – Voss herad Brann

Construction Construction Engineer

(1 day ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 18. December 2024
  •  Expire date: 9. January 2025
Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 09-01-2025

 

100 % fast stilling som branninspektør

Voss brannvern er ei underavdeling av tekniske tenester i Voss herad.

Brannvernet er organisert med førebyggjande avdeling og beredskapsavdeling. Det er brannstasjonar på Voss, Evanger, Vossestrand og Granvin. Voss herad har også vertskommunesamarbeid om brann- og redningstenester med Eidfjord kommune og Ulvik herad.

Det er ledig 100 % fast stilling som branninspektør f.o.m. 3. mars 2025. Stillinga vil også inngå i vaktordning med vaktturnus kvar 4. veke.

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføra risikobasert tilsyn med særskilde brannobjekt og andre risikoobjekt
  • Motivasjons- og informasjonstiltak innan brannførebyggjing
  • Førebyggjande arbeid med risikoutsette grupper
  • Arbeid med HMS og internkontroll
  • Undervisning for kommunale og private verksemder
  • Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • kvalifikasjonar for førebyggjande personell i samsvar med § 40 i brann- og redningsvesenforskrifta, t.d. høgskule, fagskule eller fagutdanning som feiar/brannførebyggjar
  • førarkort klasse B
  • det vil verta lagt vekt på erfaring frå brannførebyggjande arbeid
  • god framstillingsevne både skriftleg og munnleg

Som fylgje av deltaking i beredskapsstyrken må det før tilsetjing leggjast fram godkjend helseattest for røykdykkar, kl. C og utrykkingskøyretøy. Søkjaren må også bestå brannvernet sine testar. Du må ha førarkort klasse BE og C, eller for eigen kostnad vere viljug til å ta kl. BE og C seinast 12 månader etter tilsetjing. Vedkommande må også bu i nærleiken til brannstasjonen på Voss.

Personlege eigenskaper

  • evne til gjennomføring samt god samarbeidsevne
  • du må også kunne bidra positivt i eige arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • ny brannstasjon frå 2025
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • fleksitid
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Brann orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted VOSS (Adresse: Uttrågata 9 Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1ab3c803-0747-4555-8726-21fdb19b0f6c
IMPORTAPI