100% fast stilling i Rus- og psykisk helseteneste – Vågå Kommune

Health and social care Nurse

(1 week ago)

  •  Post Date: 4. December 2024
  •  Expire date: 18. December 2024
Job Description

Published 04-12-2024
Deadline: 18-12-2024

100% fast stilling i Rus- og psykisk helseteneste

Er du vår nye kollega i Rus og Psykisk helseteneste?

Vi ser etter ein engasjert kollega som er lojal, stabil, fleksibel, tålmodig og har godt humør. Som tole utfordrande situasjonar og som byr på seg sjølv.

I tenesta vår gjev vi individuell oppfølging til vaksne personar. Vi gjev terapeutiske samtaler og tilbyr ulike aktivitetstilbod, alt knytta til personar med ulike psykiske helseutfordringar og/ eller rus. Vi har eit aktivitetshus, HUSET, som er særs viktig for våre brukare, og vi gjev gruppetilbod til dei som vil dette

Vi ynskjer at du deltek i kommuna sitt psykososiale kriseteam

I tenesta samarbeidar vi tett med blant anna fastlegar, skule og helsestasjonstenesta, spesialisthelsetenesta, NAV, heimetenesta og fact-team

Vi har kommunspsykolog tilknytt tenesta og har systematisk veiledning

Tenesta er lokalisert i fine lokal i tilknytning til legetenesta og helsestasjonstenesta.

Tenesta har eiga bil som kan nyttast i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonar:

· Bachelor i sjukepleie

· Vidareutdanning i Rus/psykisk helse er ein fordel, men anna kompetanse eller erfaring kan vektleggast

· Fagleg oppdatert og engasjert

· Du behersker norsk skriftleg og munnleg godt

· Førerkort klasse B

· Politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Personlege eigenskapar:

· Vera fleksibel og løysingsorientert

· Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

· Er god på å kommunisere, samarbeide og skape gode relasjoner, er lojal

· Evne til å arbeide ryddig og strukturert

· Personleg egnaheit vektleggast

· Bidra til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering

· Evne til å jobbe tverrfagleg

· Bidra til utvikling i tenesta

Personleg eignaheit vektleggast

Vi tilbyr:

  • Spennende og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Arbeidplass i lyse, fine lokal i Vågåmo

  • Tenestebil

  • Deltaking i kriseteam

  • Rettleiing

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.

Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Rus og psykisk helse, Vera Midtgard på tlf. 41541686 eller e-post: vera.midtgard@vaga.kommune.no

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist 18.12.2024.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid – med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune orgnr: 811691062
Kort om arbeidsgiver

Webside https://www.vaga.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 18-12-2024

Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fbfd9a3f-f20e-4a26-9b4a-9989d3eed1b0
Stillingsregistrering