1-2 lærarstillingar ved Velle skule – Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Education Primary School

(17 hours ago)

  • ØRSTA
  •  Post Date: 17. October 2024
  •  Expire date: 3. November 2024
Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

1-2 lærarstillingar ved Velle skule

Velle skule i Ørsta kommune har ledig 1-2 lærarstillingar frå 01.01.2025. Fleire kan bli ledige og det kan bli aktuelt med tidlegare tiltreding. Stillinga er eit vikariat ut skuleåret 2024/2025. 

Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.

Velle skule er ein 1-7 skule. Skulen består av to bygningar; eit for 1.-4.trinn og eit nytt bygg for 5.-7.trinn. Det nye bygget stod ferdig i august 2024.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Til dei fleste lærarstillingane ligg det også kontaktlæraroppgåver
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderandre læringsmiljø
  • Tett samarbeid med born og føresette
  • Delta og bidra i samarbeid med andre tilsette og leiing om enkeltsaker og utvikling av skulen
  • Delta i nettverksarbeid og skuleutvikling, på eigen skule og mellom skulane i kommunen
  • Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar
  • Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte
  • Søkjarar med 30 studiepoeng i eitt eller fleire kjernefag (norsk, engelsk eller matematikk) er ønska
  • Fagleg kompetanse i spesialpedagogikk er ønska
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Det vert stilt krav om politiattest etter Opplæringslova §17-11 ved tilsetjing

Vi ber deg oppgi kva fag du har fordjuping i når du søkjer på stillinga.

    Personlege eigenskapar

    • Du har høg relasjonskompetanse
    • Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
    • Du bidreg til utviklinga av eit inkluderandre og raust arbeidsmiljø
    • Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
    • Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
    • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
    • Du kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
    • Du har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tilegine seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty

    Vi tilbyr

    • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
    • Eit godt arbeidsmiljø
    • Gode pensjonsordningar i SPK for undervisningspersonalet og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune.

    Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2. 

    Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.  

    Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

    Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

    Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

    Dokumentasjon 
    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Om offentleglova 
    I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Vidar Nupen, Rektor, 46 92 65 82, vidar.nupen@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Anders Hovden-gata 4
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 4868485809
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.01.2025
    Sluttdato: 31.07.2025
    Søknadsfrist: 03.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver


    Ørsta
    kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
    næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
    vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
    næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
    og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
    daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

    Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
    Bransje Utdanning
    Yrke Grunnskole
    Sted ØRSTA (Adresse: Anders Hovden-gata 4 Postnr: 6153)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse 01-01-2025
    Søknadsfrist 03-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/050da7ae-f8db-4aa7-8f9b-36dbea8a3792
    IMPORTAPI